Surnadal kommune melder om fem nye smittetilfeller:

Einingsleiar Helse og familie Gunn Bredesen: – Folk er flinke til å gjere dei rette tinga.

Vi har oversikt og kontroll på smittesituasjonen

Lokal smittestatus pr 29.12

Kommunen fekk i går melding om 5 nye bekrefta smittetilfelle med positive PCR-prøvar. Smittetilfella er knytt til reiser og julebesøk og utgjer ikkje ei einsarta gruppe. Vi avventar svar på nokre fleire PCR-testar innan nyttår. Einingsleiar Gunn Bredesen i Helse og familie, opplyser at folk er kjøle flinke til både å teste seg og til å varsle ved positiv hurtigtest. Dette gjer at vi per i dag har oversikt og kontroll på smittesituasjonen i vår kommune.

Utvida opningstider ved lokal teststasjon

Vi reknar med at behovet for avklaring med PCR-test vil auke i januar. Frå 3. januar kan du difor igjen bestille koronatest på c19.no

Teststasjonen vil vere open for bestilling av PCR-test måndag, onsdag og fredag frå kl. 10.30. Opningstidene ved teststasjonen vil variere etter smittesituasjon og behovet for testing dei dagane teststasjonen er open.

Symptomfrie personar som er pålagt å forevise PCR-test i forbindelse med arbeidsreiser kan henvende seg til Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS