Surnadal kommune melder:

Status for koronavaksineringa og informasjon til studentar og tilflyttarar

14.06.21: Vi er no i gang med å kalle inn Gruppe 8 (55 - 64 år) med tilbod om koronavaksine. Studentar og tilflyttarar eller personar som jobbar her gjennom sommaren, finn viktig informasjon i denne artikkelen.

Alle i aldersgruppene med underliggande sjukdommar har no fått tilbod om dose 1. Desse har eit doseintervall på 6 veker til dose 2.

FHI ber kommunane oppretthalde doseintervall på 12 veker

FHI har 14. juni sendt brev til alle landets kommunar med anbefaling om å oppretthalde det opprinnelege doseintervallet på 12 veker for vaksinasjonsgruppene 8 – 11 (aldersgruppene under 65 år utan medisinske risikofaktorar). Dette for å forsøke å redusere forsinkelsane i vaksinasjonsprogrammet som følge av at Norge får 400.000 færre vaksinedoser frå Pfizer i sommar enn tidlegare estimert. Regjeringas beslutning frå 7. juni innebar ei justering av doseintervall for desse vaksinasjonsgruppene frå 12 til 9 veker. Slik blir det altså ikkje. Surnadal kommune rettar seg etter siste justerte anbefaling frå FHI. Vi vil gjere alt vi kan for å vaksinere flest muleg så raskt som muleg.

Vi har no starta opp med å kalle inn Gruppe 8 (55 - 64 år).

Vi sender framleis ut innkallingar fredag ettermiddag med tilbod om vaksinering påfølgande to veker. Dei fleste er flinke til å booke time til vaksinering digitalt. Tilbodet om time til vaksinering står reservert i to virkedagar etter helga. Deretter går timen vidare til andre. Har du ikkje bekrefta eller booka time innan tysdag, mister du ikkje tilbodet om koronavaksine, men du risikerar å måtte vente ei ekstra veke på å få ny time.

Ta kontakt med Vaksinetelefonen 913 79 001 så raskt som muleg over helga dersom du ikkje kan booke time digitalt.

Eigenerklæringsskjema

Vi minner om at det er viktig å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema til vaksinasjonsdagen. Utan dette kan vi ikkje vaksinere deg og vi må bruke unødig tid på vaksinasjonsdagen. Du kan skrive ut eigenerklæringsskjemaet frå FHI sine nettsider eller hente utskrift på Surnadal kulturhus under trappa ved utlånsbøkene.

Vaksinering av studentar

Studentar som er folkeregistrerte i Surnadal kommune vil automatisk få innkalling til dose 1 her når det blir deira tur etter alder. Studentar skal, i følge FHI, få dose 2 på studiestaden.

Dersom du er folkeregistrert i Surnadal og skal studere i utlandet til hausten ber vi deg ta kontakt med Vaksinetelefonen vår for å få ei vurdering med omsyn til doseintervall og tidspunkt for studiestart, slik at du er fullvaksinert før du reiser til utlandet. Du må framvise gyldig studiebevis og informasjon som bekreftar dato for semesterstart.

Til deg som nettopp har flytta hit eller skal jobbe her i sommar

Har du nyleg flytta til Surnadal eller kjem flyttande i sommar, ber vi deg kontakte Vaksinetelefonen, slik at vi får lagt deg til på innkallingsliste i den vaksinasjonsgruppa du tilhøyrer.

Dersom du ikkje er folkeregistrert i Surnadal, men jobbar her gjennom store delar av sommaren, ber vi deg ta kontakt med Vaksinetelefonen vår for å sikre at du ikkje går glipp av tilbod om dose 1 når det blir din tur etter alder.

Kommunen har ikkje plikt til å vaksinere turistar eller hyttegjestar som oppheld seg i kommunen i sommar.

Forsinkelsar som følge av reduserte leveransar til Norge

Koronavaksineringa er ikkje eit statisk pakkeforløp. Estimerte tidspunkt for når ulike vaksinasjonsgrupper har fått tilbod om første dose, kan bli justert fleire gonger, Det er usikkert om alle i Gruppe 10 og 11 vil ha fått tilbod om dose 1 innan veke 31 (første veka i august).. Det er meir sannsynleg at det meste av august går med før alle er vaksinerte med første dose.

Vaksinekoordinator gir ros til innbyggarane for stor oppslutning om vaksineringa og for å vere flinke til å gi tilbakemelding på innkalling til time. Folk er også flinke til å ta kontakt, slik at vi raskt kan finne alternative løysingar når timen av gode grunnar ikkje passar.

Teksten er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS