Surnadal kommune melder: Siste nytt før julehelga:
Lokal smittestatus og tilgang til hurtigtestar i romjula
Smittestatus før julehelga
5 personar som tidlegare har testa positivt med hurtigtestar, har denne veka har fått bekrefta koronasmitte ved PCR-test. Alle tilhøyrer etablerte smittesporingar og var allereie i karantene/isolasjon. Ingen fleire skuleelevar ved Surnadal barne- og ungdomsskule har fått påvist smitte.
Tilgang til hurtigtestar i romjula
I romjula kan personar med nyoppståtte symptom ringe kommunens sentralbord for utlevering av hurtigtestar utanfor kommunehuset mellom kl. 10.00 - 14.00. Utover dette tidsrommet må ein kjøpe hurtigtest på apoteket. Ved ønske om hurtigtest før deltaking i samankomstar eller ved julebesøk frå område med høgare smittetrykk, må ein også kjøpe hurtigtest på apoteket.
Framleis avklaring med bruk av PCR-test
Helsemyndigheitene har av kapasitetsomsyn opna opp for at kommunar kan ta i bruk alternative testmetodar ved nærkontaktkarantene, inkludert bruk av sjølvtest. I Surnadal kommune vil personar som er i nærkontaktkarantene framleis bli avklart med PCR-test. Personar som får positivt testsvar på hurtigtest heime skal som vanleg isolere seg frå andre og kontakte oss for å bekrefte koronasmitte ved PCR-test.
Med ønskje om ei roleg og triveleg jul til alle