Kommuneoverlegen i Surnadal melder:
Bekrefta smitte ved skule - smittesporing og testing pågår
Kommuneoverlegen informerer om status om pågåande smittesporing og om situasjonen i Midtigrenda og ved SUBUS (Surnadal barne- og ungdomsskule).
Status ved Midtigrenda barnehage
Tre vaksne har testa positivt ved hurtigtest. Positive hurtigtestar skal bekreftast med PCR-test og i påvente av prøvesvar er dei dette gjeld i ventekarantene. Følgande tiltak er i verksett i barnehagen:
- Varsel om stenging torsdag og fredag vart sendt ut i går kveld. Stengingsvedtakket kjem i dag for i dag og i morgon.
- Hurtigtesting alle tilsette
- Hurtigtesting av barna, ved hjelp av føresette. Alle testar seg på nytt før oppmøte på måndag.
Barnehagen forsterkar smitteverntiltak inntil situasjonen har normalisert seg.
Status ved Surnadal barne- og ungdomsskule
Ein elev ved skulen fekk i går kveld bekrefta smitte ved positiv PCR-test. Eleven er isolert. Følgande tiltak er iverksett ved skulen:
- Hurtigtesting av alle elevar i dag
- Hurtigtesting av alle berørte lærarar i dag
- Ny runde med hurtigtesting i morgon, fredag
Vi har effektive og gode rutiner for smittesporing, slik at vi kan oppretthalde tenestetilbod i ei tid med høgt smittetrykk kring oss. At folk er flinke til å halde seg heime og teste seg ved symptom er heilt avgjerande for korleis vi lukkast med dette i tida framover.
Den aktuelle situasjonen har ført til at det blir arbeidd med ei lokal forskrift med avgrensa, målretta tiltak for å begrense ytterlegare smittespreiing.
Kommuneoverlegen rosar alle involverte for godt samarbeid og vil komme med fleire oppdateringar når dette er aktuelt.
Med vennleg helsing
Kommuneoverlege Bjørn Buan