Vårsøghelga 2023
Musikalsk univers ved Surnadal Billag
Fredag var det konsertforedrag på Surnadal Billag - "Ei vandring i to lyriske landskap". I tillegg var det særs god underhalding frå splitter ny musikk skapa for anledninga av lovande studentar og anna kvalitetsmusikk av særs etablerte musikarar.
Stødig, morosam og musikalsk konfransier
John Pål Inderberg viste at han kan meir enn å spele saksofon. Han var konfransier under arrangementet og leda oss stødig gjennom arrangementet på ein lun og god, humoristisk tone, og fletta saman dei ulike framføringane på eit fabelaktig vis.
Storslagen debut
Tidligare studentar av Henning Sommerro framførte ulike melodiar teksta av Hans Hyldbakk med sjølvskrevne komposisjoner. Dei lovande ungdommane er komponiststudentar ved NTNU som kvar har laga melodi til eit dikt av Hans Hyldbakk for nettopp dette arrangementet, så dette var første gong desse songane blei framført. Som konfransier og saksofonist John Pål Inderberg skildra det:
-Dette er ein jomfrutur for ørene.
I tillegg til tradisjonell måte å spele på instrumenta på, bruka dei aktivt klapping, slåing på strenger, og blåsing i trombone på ein måte som minner om vind, noko som set ei ekstra stemning når dei framfører.
Ungdommane leverte særs god debut av songane «Harpespel» tonesatt av Tobias Solbakken, «Kong Alkohol» som Peder Robertstad har laga eigen komposisjon til, "Han Jo" med Ingrid Elise Steinshamn sine komposisjonar, Simen Leonard Holtan har ordna tonar til diktet «Til grana mi», og Oda Kristine Øygard Steinkopf har laga melodi til «Ein tone".
Som sagt, har dei fem studentane fått i oppgåve å komponere denne musikken nettopp for å framføre på dette arrangementet, så dette var heilt unikt. Og som dei sjølv sa til Trollheimsporten etter framføringa:
-Det er usikkert om dei blir spela igjen.
Dei fem var særs takknemlege for å få kome til Vårsøghelga for å opptre, og vi håper å få høyre meir frå denne blide og lovande gjengen.
Innhaldsrikt foredrag og meir stemningfull musikk
Arild Bye framførte eit foredrag om liva til Kristofer Uppdal og Hans Hyldbakk, både om likskapen og det som var ulikt, om søkjande sjel, bruk av språket, korleis det var å vere bygdaskrivar og bygdadiktar på den tida, og børa småkårsfolket bar med seg.
Som Bye så fint sa:
- Bak alle store diktarar finst eit såra barn.
Han fortel vidare at Hyldbakk hadde stort mot og ei sterk diktarkjendsle, og at han blant mykje anna skreiv om historier og slekt. Han forklarer at Kleivakongen sjølv meinte at diktinga var noko han hadde "på si" som ei ungdomssynd, og at husmannssoga var det viktige han har gjort.
Uppdal var onkel til Jacob Weidemann. På veggen ser vi scenografi av Weidemann frå forestillinga "Bloddropetrall" ved Det Norske Teatret i Oslo på 90-talet. "Bloddropetrallen" er det mest kjente diktet til Uppdal. Det har vore tonesatt av fleire. Fredag framførte dei det med tonar av Ingerberg.
Musikarane Ine Hoem, John Pål Inderberg (barytonsaksofon) og Trygve Fiske (kontrabass) framførte stemningsfullt musikk av Henning Sommerro og Inderberg sjølv.
Meir å gle seg til
Denne helga er snart slutt, men det er enda meir kvalitet som skal presanterast.
Og etter konserten fortalte saksofonist John Pål Inderberg til Trollheimsporten at han snart skal opptre hos nokon om held på med noko som har med troll å gjere. Så spørs om vi har meir å gle oss til etter Vårsøghelga óg?