Stangvikfestivalen:
Fortreffeleg kyrkjekonsert
Stangvik kyrkje skuffar aldri som konsertlokale, og med så drivne musikarar er det dømt til å gå godt!
Mot slutten av Stangvikfestivalen blei Stangvik kyrkje fyllt opp av spente publikummarar. Nesten alle musikarane frå festivalen var med på konserten, og når dei samlast skjer det noko magisk.
Dei som var å høyre på konserten var:
Sigrid Vetleseter Bøe - sopran
Susanna Sundberg - alt
Tobias Westman - tenor
Erik Rosenius - bass
Trond Wiger - vokal
Signe Weider Skjesol - fiolin
Live Sunniva Smidt - cello
Jan Magne Førde - trompet
Christian Aftret Eriksen - trombone
Erlend Smalås - kontrabass
Jovan Pavlovic - accordion
Trygve Brøske - piano
Jo Inge Nes - perkusjon
Jarle Vespestad - perkusjon
Musikken var variert. Eit kraftfullt opningsnummer av Live, Jo Inge og Jarle sette stemninga på ein god måte. Vidare fekk vi høyre både nydeleg fiolin av Signe Weider Skjesol og personleg, drømmande accordion av Jovan Pavlovic. Eit av innslaga som gav sterkt inntrykk var Trond Wigers orginal rap-versjon av Åge Aleksandersens "Fremmed fugl", saman med Erlend Smalås på kontrabass.
Til slutt samla musikarane seg framme i kyrkja. Rosenius informerte om at det vi skulle få høyre var eit rekviem meint for eit stort orkester og kor. Trygve Brøske hadde derimot skrive eit arrangement for akkurat denne konserten. Og kraftfullt blei det! Vokalistene, så vel som resten av artistane, imponerte stort med sine reine og rungande stemmer.
Musikarane fekk ståande applaus i kyrkjerommet, og det var store smil å sjå, både på artistane og på publikum.