Stangvikfestivalen:
Finale med fin musikk, humor og litt alvor
Stangvikfestivalen 2024 vart søndag avslutta med kaffekonsert i Bondehuset i Stangvik.
Trygve Brøske var pianist og programleiar. Med seg hadde han Jon Inge Nes, Sigrid Vetleseter Bøe, Maria Nohr, Signe Weider Skjesol, Marianne Meløy, Erlend Smalås og Live Sunniva Smith.
Saman hadde dei sett saman eit times langt program med fin song og musikk, mykje humor og litt alvor, eit program som eit talrikt publikum sette pris på.
Det var mogleg å få kjøpt kaffe, brus og sjølvsagt mange forskjellege sortar kaffebrød for å kose seg med under programmet.
Signe Weider Skjesol spela først to melodiar på fiolin, før Trygve og Maria utveksla forskjellege ord og setningar frå riksmål til dialekt og omvendt.
Etter dette vart det litt meir alvorlege tema. Først handla det om bursdagsfeiring og den utestenginga enkelte opplever i samband med slike feiringar, fordi dei ikkje blir invitert.
Etterpå var det eigedomsmeklarane si makt i salsprosessen, gjennom at seljar lett let seg påverke av eigedomsmeklaren sine råd om å gjere ditt og datt, utan å stille kritiske spørsmål om kvifor ein skal gjere ting.
Etter pausen fekk vi fin musikk og høyre om korleis det var å ufrivillig hamne i ein septiktank, før Maria avslutta det offisielle programmet med ein Aserbajdsjansk kjærleikssong.
Årets Stangvikfestival er med dette over. Det verkar som festivalartistane, dei frivillige og ikkje minst publikum har kosa seg og er stålande nøgd med årets utgåve av festivalen. Det har vore eit variert og mangfaldig program med verkeleg høg kunstnarisk kvalitet, og det har vore mykje publikum på alle arrangementa.