Vårsøghelga 2024
Klaver, kveding og korsang
Som vanleg hadde Vårsøghelga konsert i Stangvik kyrkje siste søndagen i Vårsøghelga. Aktørane var jazzpianisten Bugge Wesseltoft, songkoret Nidaros Vokal med dirigent Ragnar Rasmussen og Henning Sommerro.
På veg til Stangvik sette dagens skribent Wesseltofts juleplate "It's snowing on my piano" på musikkanlegget. Roleg, avslappande klavermusikk, men 28 -29 varmegrader ute. Kontrast!
I den mesta fullsette konsertkyrkja var temperaturen ørlite lågare under summinga før konserten, men når Anders Larsen fekk Bugge Wesseltoft på plass ved flygelet, senka roa seg.
Fingrane til jazzpianisten leika over klaviaturet og lokka fram melodiøs vellyd frå flygelet. I tillegg nytta han elektroniske instrument, alt i intim samtale med kvarandre.
Her var det stor musikalitet som skapte gode kjensler hos oss som tilhørarar.
I andre avdelinga hans fekk vi sjølsagt, eller skal vi seie heldigvis- høre "Mitt hjerte alltid vanker" frå plata "It's snowing on my piano" andaktsfullt framført med leikande innleving.
Så fekk vi høre noko han ikkje hadde prøva før, sa han. Da kom verkeleg elektronikken inn med lydbildet sitt. Etter kvart vart det eit riktig rampete lydbilde. Utruleg at han var åleine om lydskapinga! Det var eit samspel som mesta enda ut i verdsrommet!
Koret Nidaros Vokal er eit forholdvis nytt kor frå musikkmiljøet i Trondheim, samansett av svært skolerte songarar med Ragnar Rasmussen som dirigent.
Første avdelinga deira var frå Edvard Griegs "Fire salmer" Opus 74. Her stilte Henning Sommerro opp som solist!
- Dette blir eit minne for livet, sa solisten.
Vi fekk høre salmane"Hvad est du dog skjøn" og "Jesus Kristus er oppfaren." Vi fekk høre solid korsong frå eit godt skolert kor med dirigent som fekk fram nydeleg dynamikk. Ein blir særleg imponert over dei klare solistane i dei mektigaste partia.
Kvedarsolisten Henning Sommerro kom på eit vis inn som ein kontrast til det skolerte koret. På siste salmen repeterte koret kvedarsolisten, som etter kvart bevega seg nedover midtgangen, vart mesta som ein av oss og song mot koret, som fylte på med sin englesong!
- Din Lov vi sjunge
med Hjerte, Mund og Tunge
Kyrie eleison
Siste verket som Nidaros Vokal framførte var ei urframføring av verket "Helnattsvake" av Henning Sommerro. Det er eit bestillingsverk for Olavsfest og Vårsøghelga.
Det er eit verk med fem satser der koret fekk vise heile spektret sitt og all sin styrke. Imponerande, klinke klåre og klokkereine sopransolistar!
Etter ståande applaus fekk vi ekstranummeret "Gjendines bådnlåt" i eit arrangement av Gunnar Erikson. Koret spreidde seg langs veggene i kyrkja og songen kom frå alle kantar i lag med klaverlydane til Bugge Wesseltoft, og mange slags lydar frå småt rommelydar til fuglekvitter fylte kyrkjerommet.
Ny ståande applaus, og ei velnøgd forsamling bevega set ut i sommarvarmen med smånynning og god varme inni seg.