Konserten opna i storslått stil med 120 femte- og sjetteklassingar i «Give me five and six»-koret. Dette sette standarden for ein kjempekveld med
masse god musikk og eigenskrivne
komedieinnslag frå teatergruppene i kulturskulen.
Vi fekk
høyre alt frå klassisk musikk til hard rock og nokre nydelege eigenskrivne låter frå elevane på kulturskulen.
Det var tydeleg at publikum storkosa seg under heile framføringa, med høg latter og klapping både frå barn og vaksne i salen.
Ikkje overraskande, med alle talenta vi fekk sjå.
Ein
fantastisk kveld for alle!
Hedda Moen Gjerstad spela “Washington Post / Trepak” saman med Linda Torvik på piano.Foto: Nathan W. Lediard
Hedda Moen Gjerstad og pianolærar Linda Torvik.Foto: Nathan W. Lediard
Ida Zwick imponerte verkeleg med si framføring av "Season and Hornpipe” på althorn.Foto: Nathan W. Lediard
Ida Zwick.Foto: Nathan W. Lediard
Første
komedieinnslag var levert av barnegruppen med tittelen “Det er helt sant”, med eit artig, men kritisk, skråblikk på sladderkulturen.
“Det er helt sant”. Medverkande: Haakon Brandbo, Lise Gravvold, Liubov Kashtyper, Oda Skei Dalagar, Olav Bredesen, Sivert Magnus Fiske og Maja Løvik.Foto: Nathan W. Lediard
Maja Løvik song to av sine eigne songar, “Why?” og “Love yourself”. Det var imponerende å høre så fint originalt materiale.Foto: Nathan W. Lediard
Maja Løvik.Foto: Nathan W. Lediard
Det andre komiske innslaget kom frå undomsgruppa, “fattige i Surnadal”.Foto: Nathan W. Lediard
“Fattige i Surnadal”.Foto: Nathan W. Lediard
Bandet “High Note“ spela først den klassiske Cranberries-låta “Zombie“, og så “Hean’s a Lie”. “Zombie“ er ein vanskeleg song å synge, men Sunniva Fiske framførte den som ein proff.Foto: Nathan W. Lediard
Syver Vetleseter Melling var ein usedvanleg artig nisse.Foto: Nathan W. Lediard
Elka og Ida Zwick på piano og fløyte.Foto: Nathan W. Lediard
Hedda Moen Gjerstad song “All I want”.Foto: Nathan W. Lediard
Ungdomsgruppa fekk fram enda meir latter frå publikum med sketsjen “Lærere rundt juletid".Foto: Nathan W. Lediard
“Lærere rundt juletid".Foto: Nathan W. Lediard
Natalie Moen song ein heilt nydeleg versjon av “Dream a little dream of me”.Foto: Nathan W. Lediard
Ungdomsgruppa fekk fram latter igjen med to gode innslag på rappen, "Julebrusdebatt"
og "Dialog jula”. Hvilken julebrus er best?
Annonse
Julebrusdebatt.Foto: Nathan W. Lediard
"Dialog jula”.Foto: Nathan W. Lediard
Bandet “Silent” spela først “Enjoy the Silence”. Så tok dei ein pause medan ungdomsgruppa inntok scena med “Alle i Bøfjorden er i slekt”, før dei avslutta konserten med
Coldplay sin “Paradise”.
“Alle i Bøfjorden er i slekt”.Foto: Nathan W. Lediard
Bandet “Silent” med Fredrick Garthe, Hedda M. Gjerstad, Ingebrigt Bergli, John Stinus Bæverfjord, Olexandra Lisohor og Alexander Hart.Foto: Nathan W. Lediard