Stangvikfestivalen

Tre damer som står på ei scene og synger, og ei som spiller piano.
Verkeleg høg kvalitet på det Hedda, Maria, Sigrid og Susanna framførte i Todalen ungdomshus.

Fullt hus og god stemning med laus snipp på Operakvelden i Todalen

Stangvikfestivalen er i gang, og torsdag kveld var det Operakveld i Todalen ungdomshus, med Sigrid Vetleseter Bøe, Maria Nohr, Susanna Sundberg, Tobias Westman, Erik Rosenius og Hedda Hansen Berg.

Publisert Sist oppdatert

Stangvikfestivalen hadde opningskonsert med fullt hus på Bøfjorden sjøbruksmuseum i Bøfjorden onsdag kveld. Torsdag kveld var det Operakveld i Todalen ungdomshus, med fullt hus her og. Dette lovar godt for resten av Stangvikfestivalen, både med tanke på oppslutning og ikkje minst kvaliteten på programmet festivalartistane framfører.

En fullsatt sal i et forsamlingslokale, med ei dame og en mann på scenen.
Bra med folk på operakveld i Todalen ungdomshus.

I Todalen ungdomshus fekk vi ei musikalsk oppleving av dei sjeldne, med både humor og lokale tilpassingar av mange av tekstane.

Ein kan trygt seie at sopran Sigrid Vetleseter Bøe, mezzosopran Maria Nohr, alt Susanna Sundberg, tenor Tobias Westman, bass Erik Rosenius og pianist Hedda Hansen Berg, ufarleggjer opera som kunstform og når med det fram til eit mykje større publikum, og ikkje berre det «typiske» operapublikummet.

Ei dame som står på en scene og snakker, og ei som sitter bak pianoet.
Mira leia oss støtt og humoristisk gjennom eit program med høg kunstnarisk kvalitet.

Mira Dyrnes Askelund leia oss støtt og humoristisk gjennom dei tre setta, der vi i første sett fekk høyre Habanera på norsk, O soave fanciulla, Mon soeur, Blomsterduetten og Perlefiskerduetten. I andre sett fekk vi høyre Zu Hilfe, Der Vogelfänger, Dies Bildniss og Hm hm hm. I tredje og siste sett fekk vi høyre Meine Lippen, Minns du den än, A word on my ear og Rigoletto.

Publikum fekk sjå festivalartistar med ekte song- og speleglede under Operakvelden i Todalen ungdomshus, og responsen frå publikum var god og fortent.

To menn i dress som står på en scene og synger.
Tobias og Erik har mektige stemmar.

Todalen Idrettslag var ansvarleg for sal av forfriskingar under og før Operakvelden tok til, og mellom setta. I tillegg til fleire typar drikke hadde dei også laga tre forskjellege dessertar, og dei fall i smak og var populære. Kjøkkengjengen kunne rapporterer om stor omsetning og positive tilbakemeldingar frå kveldens gjestar.

Powered by Labrador CMS