Mange korsangere og musikere oppstilt til fotografering i ei kirke.

Takk for julekonserten!

Publisert

Takk for den stemningsfulle og vakre julekonserten i Åsskard kyrkje søndag kveld! Takk til initiativtakar, leiar, dirigent og pianist Bernt Bøe, som står på år etter år og er med og gjer at vi i lokalsamfunnet slepp reise lange vegar for å kunne glede oss over ei musikalsk oppleving.

Koret Prosjekt 17 skuffar aldri, og når dei attåt har med seg flott orkester med deltakarar frå 5 ulike land, må ein berre fryde seg. Vi skjønar og at det må vere ganske mange timars arbeid som ligg bak ein slik presentasjon.

Mange korsangere og noen musikere som opptrer framme i koret på ei kirke.

Ja, kor og orkester framførde mykje vakkert, mellom anna Alnæs sin kjente og vakre julemotett, Julvisa av Sibelius, ja, deler av Bachs juleoratorium var og med. Herleg!

Vi kjenner på begeistring og inkludering når forsamlinga også innimellom får delta og synge med i kjære og kjente julesongar saman med kor og orkester. Før «Deilig er jorden» avslutta kvelden, fekk vi høyre Bernts eigen vakre song «Til eit lite barn». Denne må alle lære seg til jul, om ein ikkje alt har gjort det.

Søndagskvelden i Åsskardkyrkja vart ein fin inngang til adventstida for meg, og heilt sikkert for alle dei andre som var til stades.

IMP

Powered by Labrador CMS