Et
«Kven har skapt alle blomane?» Vertskoret Amigos med sjarm og utstråling.

Suksess med salmeboka

Heilkvelden med open salmebok vart ein knallsuksess for regissør Bodil Kvam Aasbø og eit 70-tal aktørar i ei fullsett Åsskard kyrkje søndag.

Publisert

Ti år etter Helge Gudmundsens TV-prosjekt «Salmeboka minutt for minutt» (sett av over 2 millionar) tok barnepedagog og multikunstnar Bodil Kvam Aasbø opptakt til ein minireprise.

Amigos i spissen Sjøl deltok ho med barnegruppa Amigos frå Bøfjorden på TV i 2014. Søndag var Amigos anno 2024 vertskap for ei stor mønstring på heimebane. Fem kor og songgrupper leia publikum i kyrkja - og heime ved nettskjermane - gjennom eit variert tverrsnitt på 36 songar frå Norsk Salmebok.

Fire menn med ulike instrumenter.
Per Jarle, Lars, Petur (solist på sitt eige morsmål) og Tore med «Deilig er jorden» - på færøysk.
Seks svartkledde damer med mikrofoner i ei kirke.
Big Mamas kallar dei seg: Elisif (frå venstre), Rita, Grete, May-Britt, Tove og Brynhild.

Amigos hadde fått med seg gruppa «Lars Jarle & The Big Mamas», det nystarta Komitekoret, Prosjekt 17 og koret Wox til å føre an i allsongen. Kvar for seg tok gruppene vare på særpreget i songane - frå barneviser og folketonar til gospel og hymner.

Flere personer som står og synger i koret i ei kirke.
Gunhild Marie Täringskog var solist og dirigent for Komitekoret – som var danna for høvet.

Musikalsk mønstring

Dertil var kvelden ei imponerande mønstring av mangfaldet i lokalt musikkliv. Instrumentariet spente frå ulike gitarar til fiolin, keyboard, piano og kyrkjeorgel. Songgruppene mønstra kvar sine solistar. Musikkuttrykket hadde alle fargetonar som salmetekstene fortente – utført av barn så vel som profesjonelle.

Ei dame som spiller fiolin, og ei som spiller piano.
Elisabet Husby fekk applaus for flott fiolinspel – saman med Bodil på piano.

Gjensyn på video

Eit 10-årsgjensyn på video med Amigos frå «Salmeboka minutt for minutt» viste sjarmerande, frisk barnesong og imponerande unge solistar.

Bilde av en stor skjerm, som viser et barnekor med barn i yttertøy, som synger.
Artig gjensyn på lerretet med Amigos på Salme-TV i 2014.

Trampeklapp for Bodil

Krumtappen i det heile, ustoppeleg Bodil Kvam Aasbø, var høgt og lågt - ikkje minst med smakfull handtering av pianoet uansett sjanger. Ho fortente fullt ut både godorda og godteposen frå kyrkjeverje Tor Rune Halset og den taktfaste applausen frå ei fullsett kyrkje.

En mann som overrekker en pose til ei dame. I bakgrunnen ei altertavle i ei kirke.
Tor Rune med godord og godtepose til kveldens altmulegkvinne Bodil Kvam Aasbø.

Udødeleg folkeeige

Vidar Rygh, Frank Botten og Tor Rune ordna med streaming på nettet. Slik fekk mange synge med også rundt i heimane.

Aktørane og vertskapet Åsskard sokneråd sørga for kaffe og sosial summing etter endt program.

Summarum: Salmeskatten er udødeleg folkeeige og hører oss alle til. Både denne konserten og lokale kyrkjesongkveldar tidlegare i haust understrekar dette til fulle.

Et kor, flere personer i korkapper, som står og synger i koret i ei kirke.
Prosjekt 17 «varma opp» til komande søndags julekonsertar – her i finalesalmen «Jeg tror på jordens forvandling».
Powered by Labrador CMS