Annonse
Øver påskesong
Koret Prosjekt 17 øver til nok ei høgtid og lovar Påskesongmesse i Åsskard på langfredag også i år.
Saman med prest Torbjørn Brøske vil koret gi eit tverrsnitt av påska sine høgtidsdagar. Programmet består av bibeltekster, dels i halvscenisk framføring, salmesong, dikt og klassiske tonar.
Musikk av Handel (satsar frå «Messias») og dikt av Arnold Eidslott vil prege kveldsgudstenesta.
Songsolist Turid Røen Kroknes, fløytist Tove Strand og fiolinist Synnøve Hammervold deltek.
Meir omtale av den tradisjonsrike messa kjem
seinare.