Mange mennesker oppstilt til fotografering utenfor ei kirke.
Dei fleste aktørane klar til konsert.

Fullsett kyrkje på Jonsvaka i Åsskard

Publisert Sist oppdatert

«Gammal vane er vond å vende,» heiter det i eit gammalt ordtak, og vi legg ofte noko negativt i det. Men sanneleg skal vi gle oss over gode vanar som held seg år ut og år inn langt ut over det vi kunne vente. Slike som jonsvaka i Åsskard-kyrkja. Etter 40 års nesten ubroten rekkje av årlege arrangement vart det ymta om at målet kanskje var fullt. Men kva kan stanse ei slik utømmeleg kjelde av formidlingsvilje og formidlingsevne og velvilje og samarbeidsvilje? Det måtte bli ei 41. jonsvake i år att. Maria Fiske Eliassen hadde ein fyldig førehandsomtale sist torsdag. Den freista mange til Åsskard fredagskvelden, sjølv om det var mange andre tilbod i Surnadal under sommarfestdagane. Kyrkja vart fullsett, og det er vanskeleg å tru at nokon vart skuffa.

Et kor som synker i ei kirke.
Koret Prosjekt 17 med forsterkingar. Orkesteret halvt skjult framfor alteret

Vi som har vore med på dette før, veit at det held eit høgt nivå. Vi visste at også denne gongen var det hyra inn dugande songarar og musikarar, somme av internasjonalt format, somme profesjonelle, og mange trufaste amatørar som stiller opp heile tida år etter år. Somme «heimavla» og somme innhenta. Songarparet Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, kammerorkester med obo og strykarar frå Kristiansund, og trufast pianist Hedda Hansen Berg, koret Prosjekt 17 med songarar frå inst i Todalen til ytst i Bøfjorden (og litt til), som stod for arrangementet saman med Åsskard sokneråd, og ekteparet Randi og Bernt Bøe som krumtappar i det heile.

Det er imponerande og motiverande for oss som ofte seier at vi bur i «utkanten», å få stadfesta at vi lever midt i «sentrum» av det blomstrande kulturlivet.

En mann som står framme i koret i kirka og snakker.
Bernt G. Bøe, kåsør og konsertdirigent.

Som vanleg tok Bernt oss med i eit historisk kåseri rundt heile det gamle «Storstangvik-gjeldet», medrekna Halsa og Rindal og bygdene på vestsida av Stangvikfjorden. Om kyrkjeliv og folkeliv frå katolsk tid og fram til i dag. Som vanleg heldt han oss fanga i spennande forteljingar med mykje kunnskap på ein halvtime. Somme som har høyrt slike kåseri før, kunne nok kjenne att ein del, men det underlege er at Bernt gjer det like spennande kvar gong.

På eit effektivt 20-minutt etter kåseriet gav dei lokale hjelparane oss i ei inkluderande kaffestund, der både kyrkjestua og kyrkjeskipet laut takast i bruk. Utan sommel var koret og musikarane på plass og konserten i gang i 22-tida. Det er ein fryd for auge og øyre å sjå og høyre korleis musikarar og solistar og korsongarar mengjer seg med kvarandre og med oss som var tilhøyrarar. Det er ei stor oppleving å føle korleis høg fagleg kvalitet let seg sameine med nærleik og varm vennskap og gjensidig anerkjenning. Bernt gjorde sjølv eit poeng ut av dette: at vi kan kjenne oss som ein storfamilie – ikkje berre hans eigen biologiske familie, som var sterkt representert.

Ei dame som synger.
Sigrid Vetleseter Bøe syng Solveigs Vuggevise frå Peer Gynt

Temaet for denne jonsvaka var «Tonar året rundt», både gjennom kalenderåret og kyrkjeåret. Det opna med bibelske salmar, «Hosianna» og «Gören portarna höga» til adventstida. Programmet veksla mellom korsong og solistar og vekselvis tonefølgje av piano og orkester, med musikk av kjente klassiske komponistar som Bach, Händel, Mozart, Haydn, Verdi, Mendelsohn, Grieg o.fl., oratoriestykke og «verdslege» songar om natur og menneskeleg romantikk, 18 nummer i alt. Konserten vart avslutta med ei mektig framføring av Händels «Messias».

En mann som står i koret på ei kirke og synger.
Erik Rosenius syng frå Juleoratoriet.

Vår sympatiske nye «familiemedlem» , Erik Rosenius, med si store og varme bassrøyst, fekk ordet mot slutten og minte oss om at det var dagen for «Midtsommarfesten» i hans heimland Sverige, der folk feirar sommarsolkverv nesten som vi nordmenn feirar 17.mai. Så song koret Åhlens «Sommarpsalm», som er nesten like obligatorisk på svensk midtsommarfest som «Fagert er landet» er på norsk 17. mai. Vi fekk alle vere med og syngje siste verset, «Men du, o Gud, som gör vår jord så skön i sommarns stunder». (Salmen er mykje bruka i den norske kyrkja òg, i salmeboka nr.845)

To smilende damer utenfor ei kirke.
Parhestar, Sigrid Vetleseter Bøe t.v. og pianist Hedda Hansen Berg t.h.

Etter den stormande applausen til slutt, gav dei oss ein ekstra song om vennskap av Haydn, som ei understreking av vennskapsbanda mellom oss som var gjestar og dei som var vertar. «Det fortener de,» sa Bernt.

Det fortener sanneleg vertskapet òg! Og så førte oboisten Ebba Ringmar oss ut i midtsommarnatta med sekkepipespel.

Powered by Labrador CMS