SURNADAL KOMMUNE MELDER:

Kleivaprisen 2021

Kleivaprisen har vore delt ut sia 1998. Prisen er oppattkalla etter Hans Hyldbakk sin heim og løyvd gjennom fondet etter same mann.

Det er styret for Kleivafondet (formannskapet i Surnadal kommune) som tildeler prisen til nokon dei meiner har «gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis» i Surnadal kommune.

Har du nokon du meiner fortener prisen, kan du kome med skriftleg, grunngjeve framlegg på kandidat innan 15. april og sende det til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Desse har fått Kleivaprisen før: Henning Sommerro (1998), Styrkår Brørs (1999), John Røen (2000), Jørgen Gravvold (2001), Bernt Bøe (2002), Famntak (2003), Alf Ramsøy (2004), Paula Ranes (2005), Ola Brøske (2006), Eistein Bæverfjord (2007), Holger og Kirsti Skei (2008), Svein Sæter (2009), Trond Larsen (2010), Dordi Skuggevik Tande (2011), Sverre Hatle (2012), Randi Lysø (2013), Svanhild Husby (2014), Fredrik Sjøflot (2015), Lars Steinar Ansnes, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden (2016), Einar Sødergren (2017), Else Brandvoll Andresen (2018), Jon Arne Mogstad (2019) og Laget Vårsøg (2020).

Det blir inga anna utdeling frå Kleivafondet i år.

Powered by Labrador CMS