Vårsøghelga 2023:
Kleivaprisen til Dreamfarm
Kleivaprisen 2023 ble, i lys av årets sceneskifte til Storstuå, delt ut innomhus. Ja, nærmest på hjemmebanen til prisvinnerne.
Årets Kleivaprisvinnere er trioen Frank Spoon Botten, Ola Langli og Rolf Paulsen i Dreamfarm Studios.
Dette er juryens begrunnelse:
Årets Kleivaprisvinnar har føtene godt planta i lokalt kulturliv og har i ei årrekkje vore med på det meste som rører seg innan scenekunst, revyar og konsertar. Alltid med tryggheit, kunnskap og engasjement.
Årets prisvinnar er ein trio med brei kulturell erfaring og alle tre er allsidige musikarar, som når dei spelar sjølve og saman med andre skapar magi på scena. I tillegg til å imponere med traktering av instrument, så er det rolla som tilretteleggar og evnen til å få andre til å skinne og oppnå draumen sin som skal framhevast i dag.
Med høg kompetanse og ei stor dose pågangsmot har dei satsa i ei usikker næring. Frå 2016 har dei tilbydd tenester innanfor teknikk, lyd og lys. Dei driv med studioinnspeling frå ide til ferdig produkt. Dei bidreg med produksjonar, arrangement og komposisjonar til film, Tv og ulike forestillingar. Alt dette frå studioet sitt i ein låve på Øyamoan.
Dei får Kleivaprisen for sin viktige innsats som “bakmenn” – dei som gjer det trygt for andre å stå på scena, dei som gir publikum unike opplevingar i form av lys og lyd. Dei som produserer og løftar fram vakker musikk for oss alle saman.
Prisvinnarane rockar både på og bak scena
Årets Kleivaprisvinner er Dreamfarm Studios og trioen; Frank Spoon Botten, Ola Langli og Rolf Paulsen.
Trollheimsporten gratulerer årets vinnere.