Vårsøgfestivalen - Kleivakvelden
Oddveig Helset Halle fikk Kleivaprisen
Ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, delte ut en velfortjent Kleivapris til Oddveig Helset Halle.
Kleivaprisen 2024 ble under Kleivakvelden lørdag tildelt Oddveig Helset Halle for "utmerkande musikalitet og ein stor innsats for barn og unge gjennom barnekoret Jubilate i ei årrekkje!"
Her er juryens fullstendige begrunnelse:
Kleivaprisen 2024
Det blir sagt om årets Kleivaprisvinnar at … var den høgast utdanna og best kvalifiserte kulturarbeidar Surnadal kommune har hatt i hennar aktive periode!
Der kom første hintet til kven vi talar om.
Andre utalar er at:
- ho er ein trygg og god person, tålmodig med barn og flink med vaksne.
- ho er mild og strålar godheit, ho lagar mykje lyd og har ein skyhøg musikalsk kvalitet.
- Ho har nok slite ut mange strikkagensrar i si karriere
De blir sikkert ikkje klokare av desse sitata, men ho er født på Tingvoll og busett i Surnadal.
Starta å lære seg eit av sine instrument som 9 åring, studerte kyrkjemusikk ved Trøndelag Musikkonservatorium. Var innom Surnadal som kantor eit par år på 80 talet, og kom hit og tok over stillinga etter Gunnar Vik i 1995. Ho overtok da også det store korarbeidet som høyrde stillinga til - både Surnadal Kyrkjekor og barnekyrkjekoret Jubilate.
Det er mange unge i Surnadal som har hatt god, kultivert og kultiverande songopplæring og har fått store musikkopplevingar gjennom Jubilate, som òg gav ut to CD-innspelingar i løpet av dei 20 åra ho leia dei. Etter å ha leia Surnadal Kyrkjekor i ei årrekkje, tok ho initiativet til å danne koret Credo, som ho leia fram til at ho gikk av med pensjon i februar i år.
Ho er ein dyktig og mykje nytta akkompagnatør på orgel og piano. Dette har igjen utløyst fine konsertar med kor, grupper og solistar frå heimbygda og andre stader.
Mest av alt har ho vore kyrkjemusikar med stor dyktighet, kunnskap og idealisme.
Kleivaprisen 2024 blir tildelt Oddveig Helset Halle for utmerkande musikalitet og ein stor innsats for barn og unge gjennom barnekoret Jubilate i ei årrekkje!