Annonse
Surnadal i Klassequizen på radio onsdag
Klassequizen i Møre og Romsdal går i «God ettermiddag Møre og Romsdal» på P1 alle kvardagar frå klokka 16.30. Onsdag 1. november er det laget frå Surnadal som skal i ilden.
Etter at ca halvparten av skulane er ferdige med sin runde er det Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund som leiar konkurrasen, med 11 av 12 oppnåelege poeng. Oversikten finnast på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.
Trollheimsporten var innom da opptaket vart gjort på SUBUS tidlegare denne månaden: Surnadal i gang med Klassequizen
To gutar og to jenter representerer tiandetrinnet på SUBUS under Klassequizen. Det er Sindre Dahle Fiske, Hedda Moen Gjerstad, Bjørnar Holter, og Eirin Aasgård som er reserve.