Ung innsats for andre
- Blir det ny rekord? Unge bøsseberarar håpar på godt resultat av tysdagens fasteinnsats for Kirkens Nødhjelp
Rekord eller ikkje: Alle gåver denne kvelden kjem til nytte. Som vår kanskje mest effektive organisasjon pr innsamla krone utrettar Kirkens Nødhjelp enorme resultat verda rundt.
Difor var motivasjonen på topp hos konfirmantane som besøkte gjevarar i bygdene våre denne kvelden. Ruskete vinterver gjorde framkomsten vanskeleg somme stader, men la ingen dempar på innsatsviljen. I alle fall ikkje i Åsskard, der vi besøkte bøssegjengen.
Akutt og langsiktig nødhjelp
Etter forutgåande felles informasjonskveld i kommunen og frisk pep-talk før bøsseturen var det tydeleg at alle visste kva aksjonen handla om: Her skaffar vi midlar til rask akutthjelp der ulykka plutseleg inntreffer, som no i Ukraina, og til KN sine langsiktige tiltak - eksempelvis å sikre reint vatn i årets fokusland Malawi.
Etter eit par timars dør-til-dør-vandring vart dei plomberte bøssene samla og leverte til sentralen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Og da smaka det godt med pølser, brød og saft som rimeleg påskjøning!
Midlane gir resultat
Etter to år med digital og dermed unekteleg amputert innsamling er alle spente på årets resultat. Åsskard-konfirmantane vi møtte, lura på om dei slår den gamle rekorden på 14-15 000 kroner. Resultatet blir kjent når kontantantar og vippsmidlar er rekna saman om eit par dagar. Ein spontan tippekonkurranse røpa nøkterne anslag. - Eg tippar 9.100 kr, trudde ein.
- Nei, det blir nok over 13.000, meinte ei av jentene.
Uansett vil dei åtte konfirmantane i dette eine soknet da eksempelvis ha sørga for at fleire ti-tals familiar i eit tørkeramma land kan glede seg over trygg vassforsyning neste år! Kvar og ein kan vite at kveldens innsats har monna!
Aksjonsleiar Gro Hauge Venås på Kyrkjekontoret i Surnadal er full av takk på KN sine vegner til konfirmantane og foreldra etter besøka i hus og heim kommunen rundt.