Mann, dame og jente med innsamlimgsbøsser i kirken
Ola Bruset, konfirmant Selma og KN-kontakt Anita Talgø er klare for innsats i Todalen

Fastetid og innsamling

Tysdag 19. mars får heimane besøk av konfirmantar og andre med fastebøsser! Alle sokn førebur no storinnsats for Kirkens Nødhjelp.

Publisert

Fredag kveld 15. mars er det «pep-talk». Da held lokalkyrkja inspirasjonstreff på Surnadal vidaregåande.

Her deltek konfirmantane, heimane og dei ansvarlege i sokna. Ein viser litt av behovet for nødhjelp og - ikkje minst: At innsatsen gir resultat.

Prest (no prost) Vidar Wilhelmsen Rygh med pep-talk til 2023-konfirmantane i fjor.

I Surnadal vart det i fjor samla inn over 130.000 kroner. Konkret er dette «å faste for sin neste» - med reell sikring av liv i område som treng nødhjelp.

800 milionar menneske i verda manglar skikkeleg vatn. Difor har vassforsyning høg prioritet. Men Kirkens Nødhjelp yter alltid innsats der det trengst mest.

3 menn og en dame med innsamlingsbøsser
Konfirmant Jarle har bøssa klar – her flankert av Bernt Bøe (Åsskard), Møyfrid Torvik Røkkum (Stangvik) og Liv Marit Polden (Øye-Ranes

Somme bygder har i år få konfirmantar til å gå med bøsser. Difor har sokna ei klår oppfordring til deg som vil gjera nødhjelpinnsats eit par kveldstimar komande tysdag:

- Sei JA viss du blir spurt om å delta i ein kjapp og effektiv dør-til-dør-aksjon!

Powered by Labrador CMS