Annonse: Kirkens Nødhjelp fasteaksjon 2025

Du kan gjere ein skilnad!

Krigar og konfliktar, politiske spenningar og klimaendringar – verda kjennest meir uroleg enn på lenge. Akkurat no er di og mi hjelp viktigare enn nokon gong.

Publisert

Krigen i Gaza og krigen i Ukraina har prega nyheitsbileta lenge. Rapportar om tørke, flaum, brannar og rekordheite kjem stadig, og frå mange kantar av verda. Samstundes går ei rekkje enorme humanitære kriser vi knapt høyrer om, føre seg, som krigen i Sudan. På toppen av dette ser vi nå dramatiske kutt i bistand til verdas fattige frå den største bidragsytaren av alle, USA.

Det er lett å bli motlaus. Men det er nettopp i desse dagar vi må samle alle gode krefter og gjere kva vi kan for dei mest sårbare. Du har høve til å vere med på å gjere ein skilnad. Den nest største bøsseaksjonen i landet er i gang – Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.

To veker før påske kvart einaste år går rundt 40.000 bøsseberarar frå dør til dør over heile landet og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I fleire tiår har norske konfirmantar vore med på denne enorme dugnaden, som gjer det mogleg å rykke i kriser. Sokna i Surnadal skal samle inn pengar til fasteaksjonen tysdag 08.04.25 i frå kl. 17.00.

Med pengar frå denne innsamlingsaksjonen har det vore mogeleg å vere til stades for millionar av menneske som treng det mest.

Kirkens Nødhjelp nådde til dømes ut til over ein halv million menneske i Gaza i fjor med mellom anna vatn, mat og hygienepakkar. Vi deler ut naudhjelp til krigsofre i Sudan, og i Ukraina bidrar vi mellom anna med vatn, arbeid på mental helse og gjenoppbygging av infrastruktur.

I Zambia og store delar av sørlege Afrika har det vore ei langvarig tørke. Mange avlingar har kollapsa, men menneske som fått tilgang til vatn og lært klimasmart landbruk, har likevel klart å dyrke mat. Blant dei er Prevencia på 13 år og familien hennar, som Kirkens Nødhjelp har møtt i samband med fasteaksjonen.

Fordi dei har klart å dyrke grønsaker, har dei unngått svolt, og dei har fått inntekter. Difor har tenåringen fått både sko, klede og skulebøker av mora si.

Takka vere det store engasjementet til konfirmantar og kyrkjelydar, kan menneske få eit betre liv.

- Vi ser at det nyttar! Vi håpar du og vil vere med på å gjere ein skilnad,  skriv lokal leiar av fasteaksjonen i Surnadal diakon Gro Hauge Venås.

Powered by Labrador CMS