Glassmaleriet i Øvre Rindal kapell
Glassmaleriet i Øvre Rindal kapell

Preika i Øvre Rindal Kapell sundag

Publisert Sist oppdatert

Oss moralistar imellom. 

I boka «Demokratiets langdomme død» reiser Janne Haaland Matlary eit betimeleg spørsmål om me har vorte meir opptekne av å moralisere enn å argumentere. Avsnittet om dama som var teken på fersk gjerning i å bedrive brot på ekteskapet fortel oss at tendensen mot moralisering slett ikkje er ny. Eg vil meine at Jesu brodd mot dette uvesenet er evig aktuelle. Slik vart det forkynt i Øvre Rindal kapell sundag:

Øvre Rindal kapell 21.07.24.
Johannes 8,2–11 

Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei.

Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for.

Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: 

 «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.

Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først.

Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!» Slik lyder det heilage evangeliet. 

Om det er aldri så store hol i bibelhistoria blant folk, er det uansett ei setning folk flest kan: Den av dykk som er utan synd, kan kaste den fyrste steinen.

Oftast når eg har høyrt dette sitert, har det muligens kome litt ureflektert, på same måte som når me ser himlinga med augene og høyrer det sukke at «er det rart det er krig her i verda».

Litt distansert. Litt arrogant. Og svært mykje heva over den allmenne hop. Dei som er så fordømmande - . Men uansett distanse ovantil eller nedantil, så er det ikkje noko særleg å kaste stein når me sit i glashus.

Ein enkel sjekk syner oss at utruskap faktisk medførte dødsstraff i det gamle Israel. Noko om steining står det vel og merke ikkje i vår utgåve av Det Gamle Testamente, så dette bygde nok dei skriftlærde og farisearane på tradisjon.

Like eins slår dei av ein ikkje uvesentleg slump av straffa, i og med at det berre er kvinna dei kjem med. I loven dei syner til, står det at båe partar skal straffast med døden ved utroskap.

I lova tek dei endå til høgde for at valdtekt kan skje, og kva lagnad som i tilfelle råkar mannen. 

Men slike hensyn tek ikkje dei skriftlærde og farisearane. Her er det kvinna som skal takast, som skal ofrast på deira sjølvrettferdige og moralistiske altar. Eller er det eigentleg Jesus som skal ofrast – og så får dette kvinnemennesket bli med i same dragsuget. 

Interessant er kva som står i lova om straff for avgudsdyrking.

Der er døden ved steining konsekvensen – vel og merke etter at fleire vitne har uttalt seg. Og så skal vitna vera dei fyrste som kastar stein for å drepa.

Men det gjer dei ikkje her. Ikkje i det heile teke. Derimot går dei bort, dei som kom med denne stakkars kvinna. Dei eldste fyrst. Om det var fordi dei eldste hadde største vitet eller hadde mest å svara for, veit me ikkje. Men dei går. Og Jesus blir åleine att med denne kvinna som han heller ikkje vil fordømme.

Kvinna har møtt han som skulle svare for loven. Og så frikjenner han. Kva har så me med å dømme? 

Me har lite med å døme kvarandre. Dommen høyrer Herren til. Og igrunn sit me alle i glashus, der det som kjent er svært så lite praktisk å kaste stein ifrå.

Glashus er skjøre. Vel kan dei gje ly for vind og regn, men det er også det heile. Innsyn er det derimot i meste laget av. For oss som alltid er sett og oberservert.

Me har uante sjansar for å kaste stein. Me kan gje rykte liv ved å spreie dei vidare – om me då ikkje finn på å setja dei ut sjølve. Det finst både verre og mindre gale ting å fortelja vidare enn ekteskapsbrot. Men kva tener det til? 

I kyrkja vår deler me trua på forlating av syndene.

At der finst ein ny start, ein veg ut av uføret me alle lever under. Uføret – eller skal me kalle det dommen? Dette at me skal stillast til ansvar for å ha krenka Gud og kvarandre i tankar, ord og gjerningar.

Og var ikkje dette nok, så kviler ansvaret på oss for alt me unlot å gjera av det gode – om me så var gode nok til å halde tett med hemmelegheitene.

Me veit ikkje kva Jesus skriv, der han bøyer seg mot jorda og skriv på bakken med fingeren. Er det leseleg? Forståeleg? Kva skriv han, og kven skriv han om?

 

Då dei fyrste kristne møtte folk dei ikkje kjente, var det ofte brukeleg å bøye seg og teikne på bakken. For dei uinnvidde var det ei teikning av ein fisk. Det kunne unekteleg sjå noko tåpeleg ut å møte framande på denne måten.

Men for dei som delte trua, symboliserte fisken trua på Jesus, sidan ordet for fisk bar i seg dei fyrste bokstavane i bekjennelsen til Jesus Kristus Guds Sønn.

Så kunne den framande gjerne bøye seg og teikne ein fisk sjølv, og fellesskapet i den kristne trua var oppretta.

Me skriv ikkje på bakken lengre. Me går knapt nok med eit kors rundt halsen.

Og er dette med trua på Jesus Kristus, Guds Son i det heile teke viktig for oss å kommunisere når me møter framande? Noko som er viktig å få med i det me måtte ha av sjølvpresentasjon med hensyn til kvar me kjem ifrå, kven me er i familie med, kva yrke me har og kva me interesserer oss for - alt dette som liksom skal gje oss ein status. Er det viktig at me trur – slik det var viktig for dei fyrste kristne å teikne ein fisk for å vise tru? 

Så dømer ikkje eg deg heller, sa Jesus til denne kvinna han redda livet til. Har han fått sluppe til så han fekk redda oss også, skulle det vera viktig nok til at me sa eitkvart om det. For dette gjer oss til den me er: Frikjente syndarar med livet føre oss. 

Og me må gjerne ofre på oss ein takk til han som sona for dommen vår. For den forsvann ikkje av seg sjølv, så langt derifrå.

Klarte kvinna å gå avgarde utan å synde meir? Det er vel like tvilsomt som om me skulle kunne klart det sjølve.

Eit klokt menneske sa at alle helgenar har ei fortid. Og alle syndarar har ei framtid.

Slik er det. Og alt, inklusive sigrar og nederlag, kan gjerne få kvile hjå han som kunne ta seg av det – som han tek seg av oss. 

Heller ikkje eg dømmer deg, seier Jesus. Då har heller ikkje me noko med å dømme kvarandre. Og faktisk har me heller ikkje noko med å dømme oss sjølve. Ikkje det heller.

Powered by Labrador CMS