Preika i kapellet Skjærtorsdag

Glassmaleriet i Øvre Rindal kapell
Glassmaleriet i Øvre Rindal kapell.

Med føtene i vaskevatnet

Publisert

Når er det rett å forlate eit møte, og når er det best å bli verande? Som ein tommelfingerregel vil eg seia at det er rett å forlate møte som bryt ein ned, sjølv om det kan synast som ei demonstrativ handling. Dette vart mitt utgangspunkt for preika Skjærtorsdag, der teksta handla om Jesus som vaskar føtene til disiplane sine. Det at Jesus gjer det ansleis og blir verande, har den største betydninga både for oss og han sjølv.

Skjærtorsdag var me vèl 20 samla i kapellet til gudsteneste med kveldsmat og nattverd. Fellesskapet blir nært når me deler mat og drikke for kropp og sjel rundt bordet. Preika mi vart omtrent slik:

Joh 13,1-17. Skjærtorsdag

”Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han. Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?» Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.» «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»

Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein slave er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det. ”

Demonstrative handlingar skal me vera forsiktige med. Denslags ligg oftast langt utanfor det me forbind med normal folkeskikk. Som for eksempel å forlate eit møte. Nokon gjer det med å snike seg ut og håpe det er ubemerka. Andre kan gjera det i sinne, så stolen reiser langt bakover idet ein reiser seg. Og utgangen kan mest samanliknast med å marsjere ut – før ein gjerne smeller skikkeleg i døra når ein går.

Mykje av det me gjer og ikkje gjer er styrt av kva me føler, vera seg sinne eller redsle, glede elelr kjedsommelegheit.

Og slik generelt vil eg seie at det er viktigare å bevare seg sjølv og det ein fekk av integritet enn å leggja seg flat for det me fekk av sosiale konvensjonar.

Sjølv om det er så eg hugsar som det var i går, henne som hadde pynta seg med kofte på ein festmiddag for Sanitetskvinnene i Finnmark og reiser seg frå underhaldningsbolken så stolen fèr mange meter bakover. Det var noko med identiteten hennar og oppleving av å bli latterleggjort gjennom same-sketsjar. Tøft gjort av henne som gjorde det, om enn festmiddagen vart alt anna enn festleg etterpå.

Forlate møtet og ungå kontakt med menneske me kjenner at bryt oss ned – det handlar om å beskytte seg sjølv, om drifta til å overleva psykisk og fysisk og ungå fleire krenkingar. Endå fleire krenkingar.

Møter me denne forteljinga frå Skjærtorsdag med eigen bagasje, kan me verkeleg undrast over kor totalt forskjellig det er. Kor ulikt går det an at det blir?

Jesus forlet ikkje møtet, han blir. Og han er ikkje den som let seg varte opp, sjølv om statusen skulle tilseie at han skulle både bukkast og skrapast for. Det er dette som blir kalla fornedring. Jesus bøyer nakken og fornedrar seg sjølv, - og me kjenner fortsettelsen av versa eg viser til frå Filipparbrevet: Fornedrar seg sjølv og blir lydig til døden, ja døden på korset.

I møtet med vondskapen og frykta, med valden og sviket, med alt som heiter og smakar av undergang, så er ikkje Jesus den som forlet møtet. Han blir. Og held fram i nærværet sitt på ein spesiell måte: Som slave. Med slavejobb. Og slavelønn. Aller nederst. Heilt fornedra.

Der går han med vaskefatet sitt og tek for seg disippel etter disippel, disippelfot etter disippelfot. Føtene blir duppa i vatnet, vaska og tørka. Ein etter ein med alt sitt av stygge neglar, liktær, fotvorter, sår og skrammar. Og lort.

Jesus vaskar dei andre og tørkar dei med linkledet han bèr med seg rundt livet. Forskjellen til Pontius Pilatus kan neppe gjerast større. Pontius Pilatus treng også vaskefat og handkle, men han er berre oppteken av å vaske seg sjølv og på den måten, symbolsk nok, å syne både for seg sjølv og andre at dette han held på med er utanfor hans ansvar. Om enn ikkje myndigheit. Forstå det den som vil.

Så blir også den godeste Pontius Pilatus Jesu ansvar. Som også Judas Iskariot er det. Som også me er det. For me syndarar står igrunn på same line, uansett om me er den som krenkar andre eller om me er blant dei som andre har krenka.

I møte med nåden står me på lik linje, uansett kva me har gjort eller forsømt, er god for eller om me ikkje er god til noko. Med treng alle å stikke ein fot i Jesu vaskevatn og få hjelp. Og der finst hjelpa til å leva.

Eg kan tru vaskevatnet hadde fått søla seg til på denne runda. Slik også me får eitkvart av lort på oss gjennom livet – og gjennom dagane. Det får våge seg.

Og så var det eksemplet, oppfordringa til å gjera like eins med vaskevatnet som Jesus gjer: Me blir oppfordra til å gå på kne for kvarandre og stå til teneste for kvarandre. Slik Jesus har gjort, skal me gjera. Har me fått vaska av oss lort, skal me hjelpe kvarandre med det same. Me kan byrja med dei som er krenka og halde nede. Med dei som slit etter at andre har vore grenselause, med offera for vonskapen. Kan me bidra med salve og bandasje på vonde sår i tillegg, så er det fint. Og så kan me ivareta kvarandre i vissa om at det er oppfylt, dette som forstanden vår til tider har vanskeleg for å ta til seg: Ved hans sår har me fått legedom.

Powered by Labrador CMS