Kyndelsmessbasar

Inger og Brit selde mat frå kjøkkenet.
Inger og Brit i luka på kjøkkenet gav smil og sikker valuta til kundane. Kanelsnurrar, smørbrød, bakels og graut, sviskegraut og riskrem gjekk unna!

Basar er ikkje berre åresalg

Mandag kveld gjekk årets Kyndelsmessbasar av stabelen i Rindal med åresalg og gode tilbud frå kjøkkenet der Inger og Brit hadde ansvaret. Kvelden vart avslutta med stor trekning på det store og varierte gevinstbordet.

Publisert Sist oppdatert
Prost Dagfinn Thomassen heldt andakt.
Dagfinn Thomassen, prost i Orkdal prosti, heldt kveldens andakt.

Kveldens andakthaldar var prosten i Orkdal prosti, prostiet vårt, Dagfinn Thomassen. Han hadde fylt opp bilen med basarfolk frå Orkdal.  Ellers var det både unge og gamle frå Rindal på basaren.

Lene prest, prost Thomassen, gammelprost Foseide og passasjerane til prosten.
- Gode råd er dyre, sa prosten til gammelprosten, Birger Foseide.

Programmet elles var åresalg og kaffekos med godbitar frå kjøkkenet, og praten gjekk friskt rundt borda.

Når det var tid for trekking, vart det stilt, og særleg når dei kom til slutt og trekkinga på lista der mange hadde kjøpt lodd på Vipps på førehand. 

Var vinnaren ein som hadde vippsa på førehand, eller var vinnaren i salen og kunne ta imot gevinsten sin? Ein utflytta rindaling var heldig og vann to gevinstar på vippsinga si, og med god korrespondanse er gevinstane alt på rett plass.

Sjå trekningsliste lenger nede på sida.

Misjonsforeininga melder at det kom inn mesta 25 000 kroner til Det Norske Misjonselskap, og dei vil sende ein stor takk til sponsorar og andre som kom med gevinstar.

Åresalg
Åresalget gjekk strålande, også til strikkande kundar.
Bord med gevinstar.
Etter kvart som det vart trekt, vart det trongt om plassen på bordet.
Fruktkorg, ein av gevinstane
Freistande friske gevinstar var sponsa av næringslivet (sjå trekningslista).
Barn klare til å levere gevinst til den som har nummeret som blir ropa opp.
Kven har vunne på nummeret som Kjellaug har fått fram på mobilappen?
Ser dei ikkje at Gerda rekker opp handa?
To gevinstar, ein bamse på ein kistestol.
Bamse-gevinsten kviler på kistestolen (gevinst). Bamsen vart forresten gjeve vidare frå vinnaren til ei som vart kjempeglad for den!

.

Powered by Labrador CMS