Annonse
Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp
Bøsse eller Vipps
Tirsdag fekk dei fleste heimane i bygdene våre besøk av konfirmantar og andre medhjelparar med innsamlingsbøsse frå fasteinnsamlinga til Kirkens Nødhjelp. Folk var gavmilde! Pengar klirra og knitra ned i bøssene og vart vippsa til 2426!
Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har pr onsdag ettermiddag fått inn mesta 20 millionar kroner, 3,39 kr pr innbyggar. Dei innsamla pengane går til heile arbeidsfeltet til Kirkens Nødhjelp, men skal først og fremst gå til vatn.
Til no vil denne summen gje rein vassforsyning til 79 320 menneske!
Rindal har sett solid rekord med mesta 60 000 kroner, 30,61 kr pr innbyggar, nr. 1 i Trøndelag og nr. 4 av kommunane i landet.
- Vi rettar ein stor takk til både konfirmantar, sjåførar og andre hjelparar for dette, seier aksjonsledar Kjellaug Foseide, - men største takken går sjølvsagt til alle gjevarane!
Du kan fremdeles gje ein gave til Vipps 2426, og den blir registrert på kommunen din.