ANNONSE: Surnadal kulturhus

Blikktrommen

Litt elskling og gjensyn med tysk klassikar

Fleire nye filmar i Surnadal denne veka; og mellom dei «en mirakuløs prestasjon».

Det vart laga mange gode tyske filmar sist på 1970-talet. Og filmane fekk eit stort internasjonalt publikum. BLIKKTROMMEN er nok den som vart lagt mest merke til. Filmen handlar om Oskar som er ein spesielt intelligent unge. Vi er i mellomkrigstida og Oskar ser kor gale det kan bli med den framveksande nazismen. Han bestemmer seg difor for at han vil slutte å vekse. BLIKKTROMMEN fekk Oscar som beste framand-språklege film i 1979. Mange såg den da, og onsdag 23. oktober kl. 13 er det muleg å sjå den oppatt.

ONE LIFE, filmen om «Den britiske Schindler», hentar også noko av historia si frå oppløpet til 2. verdskrig. Vi blir kjent med engelske Nicholas Winton som prøvar å redde ut flest muleg jødiske ungar før den tyske krigsmakta får tak i dei.

Elskling

Norske ELSKLING er ny film denne veka, og skal vi tru NRK, som vi ofte gjer, er dette berre «en mirakuløs prestasjon» av regidebutant Lilja Ingolfsdottir: «ELSKLING går nemlig rett inn i toppsjiktet blant de beste filmene om samlivsbrudd», skriv dei, og rullar til seks på terningen.

Apropos norsk film så blir ARMAND vist for siste gong søndag 20. oktober.

Elles går den fine animasjonsfilmen DEN VILLE ROBOTEN for dei yngste, og det blir premiere på VENOM: THE LAST DANCE fredag 25. oktober.

Filmoversikta, med tider, finn du på https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS