folk løper med startnummer
Starten går for Kårvatn Skayrace 29 kilometer

Ingeborg Treu Røe og Mads Kirkreit vann Kårvatn Skyrace 2024

Publisert Sist oppdatert

Ingeborg Treu Røe vann dameklassen og Mads Kirkreit Gjethammer herreklassen i årets utgåve av Kårvatn Skyrace over 29 kilometer laurdag. I dameklassen kom Synne Hoggen Nybø og Maria Wallin på andre og tredjeplass.

Mathias Leroyer og Kristian Moen kom på andre og tredjeplass i herreklassen.

tre damer på podie
Vinnarane av dameklassen i Kårvatn Skyrace.
tre menn på podie
Vinnare av herreklassen i Kårvatn Skyrace.

I klassen 15 – 20 år var det Aron Rodal Haugen som kom først i mål. Isak Drøpping og Bjørnar Skjeflo Unhjem kom på andre og tredjeplass.

Alle resultat frå årets Kårvatn Skyrace finn du her.

mann stuper over mållinje
Aron Rodal Haugen passerer målstreken på spetakulært vis som vinnar.

Årets utgåve av Kårvatn Skyrace hadde fem løypealternativ. Alternativa var 2,5 og 4 kilometer for barn og familiar, 10 og 15 kilometer for trimmarar og aktive og 29 kilometer for dei aller sprekaste deltakarane. I tillegg til distanse var dei 5 løypealternativa inndelt i eigne klassar. Det var til saman litt over 140 deltakarar i alle klassane i årets utgåve av løpet.

Traseen for den lengste løypa på 29 kilometer og hadde meldepunkt på Brona (475 moh), Storbrona (740 moh), Falla (830 moh), Strankåbotnfjellet (1375 moh), Tverråbotnfjellet (1323 moh) Tydalsnebba (1268 moh) og Kvennåbotn (880 moh). Start og målgang var på Kårvatn for alle.

Klassen 2,5 kilometer var eit nytt alternativ av året, og ein klasse Trollheimen Fjellsportklubb hadde laga for å få med enda fleire barn og familiar. Løypa gjekk frå låven på Kårvatn inn til Nauståfossen og tilbake gjennom hyttefeltet til låven att. Det deltok til saman godt over innpå 50 i den nye klassen på 2,5 kilometer og i 4 kilometersklassen, noko som viser at fjellsportklubben når fram til nye målgrupper, noko som er positivt med tanke på framtidig rekruttering til denne typen løp.

barn springer sammen med startnummer
Starten går på 2,5 kilometersløypa.

Vi kan kan trygt konstatere at Trollheimen Fjellsportklubb har gjennomført eit flott arrangement, både med tanke på deltaking og teknisk gjennomføring!

Fleire bilder finn du på Trollheimen Fjellsportklubb sine Facebooksider!

Powered by Labrador CMS