fire folk i blomsterbutikk
Endeleg opning! Karen Oddny, Sigfred, Linda og Olena kunne opne dørene til den nye butikken på Skei på fredag.

No har Blomstermakeriet opna dørene på Skei

Fredag opna den nye butikken "Blomstermakeriet" i Landbrukshuset på Skei. Det var jamt med folk på opningsdagen, og Karen Oddny og Sigfred Gravvold var godt nøgde.

Publisert Sist oppdatert

Når Trollheimsporten kjem i 14-tida fortèl Karen Oddny Gravvold at det har vore folk i butikken heile dagen, og at det har vore godt med sal.

– Det har gått over all forventning eigentleg, legg Linda Strand til.

Både Linda og Olena Vashkeba blir å møte i butikken framover.

No håpar dei at fortsettelsen òg blir like bra, og at folk vil nytte seg av butikken som kjem til å ha ope frå måndag til laurdag.

blomsterbutikk med folk i
Butikken har ope kvar dag frå måndag til laurdag.
eplejuice på bord i butikk
Eplejuice fra Tingvoll og sjokolade frå Selbu blir òg å få kjøpt i butikken.

Sigfred har stått på som berre det i forkant av opninga og snekra det meste av møblar sjølv. Dei har brukt lokale leverandørar av materiale og utstyr frå Surnadal, Rindal og Orkdal. 

blomster i butikk
Her er det blomar til alle anledninger. Utstilt på eit stilfullt, men heimekoseleg vis.
blomster og planter på og foran vegg
Den einaste veggen i butikken som ikkje er målt.

Julebutikken let vente på seg ei lita stund til.

– Vi følger litt gammel skikk og skal ha advent først, seier Sigfred.

Karen Oddny og Sigfred har god erfaring frå å ha drive heimefrå i fleire år, og ser no fram til å kome i gang i den nye butikken. Dei vil fortsette med gravstell, vasking og graving i tillegg til å drive blomstebutikken.

No håpar dei at kundene vil bruke butikken både til seg sjølv, til gåver og til alle slags anledninger som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Etter kvart vil dei òg dele inn butikken i to rom, så det blir anledning til å ta ein samtale omkring til dømes blomar til gravferd.

kafe-krok med folk i
På opningsdagen serverte dei kaffe og kaker. På dette rommet blir det etter kvart moglegheit for private samtalar om til dømes blomar til gravferd.
tre damer i blomsterbutikk
Karen Oddny, Linda og Olena var nøgde med opningsdagen.
Powered by Labrador CMS