Midtsommar i Surnadal

bilder på vegg
Seks lokale kunstnarar stilte ut på Pop-up-utstillinga.

Innhaldsrik «Kunstnatt»

Som ein av programpostane under «Midtsommar i Surnadal» inviterte Surnadal kunstforening, saman  med fleire aktørar, til «Kunstnatt» fredag kveld. 

Publisert Sist oppdatert

Samarbeid i fokus i Svorkasalen

Det heile starta med at kulturleiar Lilly Husby ønskte velkomen til Svorkasalen på Surnadal kulturhus og "Kunstnatt", før ho gav ordet til todalingane Siri Skjerve og Toril Redalen.

Siri og Toril fortalte om samarbeidsprosjektet dei starta da dei studerte saman på Kunsthøgskolen i Oslo, og som dei kallar «Line Made by Walking». Dette er eit samarbeid som ikkje er knytt til eit spesifikt prosjekt, men eit samarbeid dei brukar for å lufte idear og få gjennomført kunstprosjekt.

to damer snakker i mikrofon inne i et rom
Toril og Siri fortalte om sitt mangeårige samarbeid.

Siri er mest kjent for sine kunstverk laga i dyrehud og skinn frå lokale jaktlag i Todalen, medan Toril er keramikar og vart i 2023 tildelt statens kunstnarstipend for ti år.

Sjølv om Siri og Toril ofte samarbeider, er dei også sjølvstendige kunstnarar som deltek på utstillingar med eigne kunstprosjekt kvar for seg.

Situasjonen og kunstprosjektet avgjer om vi samarbeider eller gjer det kvar for oss, fortalte dei to til slutt i Svorkasalen.

folk sitter på stoler i stort rom og ser på en skjerm
Bra med folk på Surnadal kunstforening si "Kunstnatt".

To blad Dyrnes i Kallastuå

Frå Svorkasalen gjekk turen til Kallastuå. Her hadde Brit Dyrnes og dotra Mira Dyrnes Askelund sett saman ei utstilling med teikningar montasjar i leire vi fekk sjå. Dei fortalte også litt om kunstverka sine og kvar dei har henta inspirasjon til dei frå.

Brit er hovudsakleg keramikar, men arbeider også innafor andre disiplinar. Ho har mellom anna langt over tretti offentlege utsmykkingar på CV-en. Ho er og eigar og drivar av Kvenna Kunstverksted. Ho hadde stilt ut nokre av sine montasjar i Kallastuå.

To damer sitter på stoler med bord i mellom seg innendørs
Brit og Mira i kunstsamtale i Kallastuå.

Dotra Mira er utdanna skodespelar ved Royal Conservatoire og Scotland, der ho studerte i åra 2011 – 2014. Ho er i dag skodespelar ved Trøndelag teater. Men Mira er også ein ivrig teiknar, og vi fekk sjå fleire av teikningane hennar i Kallastuå fredag kveld.

mor med barn foran bilder på vegg
Mira med dotra Lauvra framfor tre av teikningane sine.

Utstillinga i Kallastuå er opa søndag 23. og 30. juni klokka 13.00-17.00 og torsdag 27. juni klokka 15.00-19.00.

Gruppeutstilling på Surnadal Billag

På Surnadal Billag på Surnadalsøra var det gruppeutstilling med Māris Čačka, Beate Gjersvold og Jon Arne Mogstad.

Māris Čačka er frå Latvia og er der direktør for det verdskjente Rothko-museet i Daugavpils. Māris er kjent for å lage abstrakte uttrykk ved å kombinere bruk av måleri og grafikk. Han var reprsentert med eit stort veggmåleri, som han hadde måla rett på veggen inne på Surnadal Billag.

stort maleri på hvit vegg
Maris hadde måla eit måleri rett på veggen på Surnadal Billag.

Beate Gjersvold er bildekunstnar og kunsthistorikar. Ho arbeider innenfor fotografi, silketrykk, installasjonar og akvarellar, men der er akvarellar som dominerer kunsten hennar. Beate hadde kalla utstillinga si «Tid» og den bestod av utvalde akvarellar.

to personer foran trapp og et stort bilde på veggen
Jon Arne og Beate ved sida av ein av Beate sine akvarellar.

Jon Arne Mogstad er professor i bildekunst og sentral i Surnadal Billag kunstsenter på Surnadalsøra. Jon Arne hadde ei eiga utstilling i tredjeetasjen på Surnadal Billag som vi fekk sjå samstundes som han fortalte litt om kunstnarkarriera si.

to store bilder på vegg
Kunstverk laga av Jon Arne Mogstad.

Finale på Frivilligsentralen

Siste etappe for «Kunstnatta» gjekk frå Surnadal Billag til Surnadal Frivilligsentral på Skei. Her arrangerer Surnadal kunstforening «Pop-up»-utstilling. Dei seks lokale kunstnarane Sissel Halset Storslett, Anne Marie Rognskog, Siv Halle, Rannveig Brøske, Anne Grete Kvendset og Lilly Husby stilte ut nokre av måleria og teikningane sine.

to damer foran mange maleri
Sissel og Anne Marie var godt nøgd med responsen på kunstforeninga si Pop-up utstilling.

Kunstforeninga si utstilling på Surnadal Frivilligsentral er også opa laurdag 22. juni frå klokka 11.00 og utover ettermiddagen.

Surnadal open si «Kunstnatt» var ei innhaldsrikt arrangement, og mange møtte opp for å vere med på den kunstneriske rundturen i Surnadal fredag kveld. 

Powered by Labrador CMS