Annonse
Julebyen Rindal
Julegrantenning vart krona på verket
Etter fleire timar med julemarked rundt om i Rindal sentrum, vart ein vellukka, vinterleg markedsdag avslutta med tenning av lys på julegrana.
Blæst'n stilte, tro mot tradisjonen, og juletonane strøymde ut over torgplassen. Mange sakna nok å ta kvarandre i hendene og gå rundt juletreet og synge dei kjente og kjære julesongane. No stod unge og eldre i lågmælt prat og kjente likevel julestemninga sive inn under vinterkleda.
Jula kom nærare, første adventslyset blir tent i morgon, og mange har alt tent lysa på eit juletre ute i hagen.