Slekters gang: No er det oldebarna sin tur til å sy lammerull til jul
Oldemor Anna Gausen starta å sy lammerull da ho var i slutten av 20-åra, etter ho las om det i den store kokeboka si. No er ho 81 år og kan sjå på dei neste tre generasjonane vidareføre tradisjonen.
Tradisjonen tro startar juleførebuinga i familien Gausen med å sy lammerull. Lamma er kjøpt lokalt frå Nordvik, og blir brukt til både pinnekjøtt, fenalår, lammelår og grytekjøtt. Slagsida av lammet blir bruka til lammerullen.
Slagsida blir fyllt opp med bogkjøtt og krydder før den blir rulla saman. Så blir den festa med tannpirkarar før den blir sydd til ein rull. Lammerullen blir surra, kokt og pressa og så er det heimelaga julepålegget ferdig!
Anna Gausen og mannen Jan Gausen har stått for syinga sjølv kvart år i over 50 år. I fjor og i år var fire generasjonar med på lammerullsyinga. Dotter Lisbet Gausen, barnebarna Emil og Elise og oldebarna Haakon, Storm og Odin tykkjer det er fint å få vidareføre tradisjonen.
-Det er verdifullt å få vere med å lage maten sjølv, og vite kor han kjem frå. Det gir ein nærheit til maten, og det smakar mykje betre, seier Emil.
Anna og Jan er glade for at familien ønskjer å lære korleis man lagar lammerull og at dei vil fortsette med juletradisjonen. Anna oppfordrar fleire til å prøve det ut, og tipser om at det er slagside å få kjøpt i matbutikken, om ein ikkje får kjøpt av nokon som slaktar sjølv.
Eg har inntrykk av at fleire og fleire ønskjer å lage heimlaga mat no, og det tykkjer eg er artigt, seier Anna.