LESERINNLEGG:
God musikalsk førejulstid!
- Det er morosamt med jula for dessa som er små, syng Prøysen. Men også alle store går no mot årets høgdepunkt. Og musikken er med oss.
Det har alltid vore «morosamt» å synge jul – og lytte. Heldigvis er tilboda mange. Også når koret P17 denne søndagen deler av toneskatten i Todalen og Åsskard.
Her blir det mykje kjent og kjært – no også utvida med litt Bach.
Bach? Ja, kvifor ikkje? Hans «Juleoratorium» samlar hundretusenvis til høgtidsfeiring verda rundt.
Vi her hugsar (og saknar) Peder Rensvik sine framføringar med innleigde og lokale krefter på Nordmøre. Også unge Henning Sommerro og Jon Skogstad leia på 1970-talet utdrag frå oratoriet med Tordenskjold Songlag, små orkester og solistar herifrå - blant dei Torgrim Tunes, Kolbjørn Botten og Turid Røen (Kroknes).
Og nettopp sistnemnte er med framlei - når P17 med ensemble tek fram smakebitar. Bach (kalla «Den femte evangelist») peikar på essensen i jula – med vakker tonesetting og talande symbolbruk. Jesus kjem som «brudgom» til si kjære menighet, samtidig er krybbebarnet vår store konge.
Klassisk er også Stille Natt (laga av landsbyorganist Franz Gruber julekvelden 1818) – no i originalform med P17. Like eins Eyvind Alnæs sin Julemotett frå 1922 (over evangeliet). Jean Sibelius har tonesett det sterke diktet Julvisa av Zacharias Topelius – også dette ei tankevekkande påminning om det sentrale i jula.
Jula inspirerer stadig til nye tonar - som Julenatt av gospelartisten Thore W. Aas. Men kanskje er det allsongen som først og fremst samlar oss. Her står Det lyser in stille grender, Eg er så glad hver julekveld og Deilig er jorden høgt på ønskelista.
Og tenk: Alle får synge med – no også til orkestermusikk!
Bernt G. Bøe