
Førjulstid med Heimklang
Aktivt som alltid: Demenskoret Heimklang har skapt musikalsk førjulsoppleving for mange.
To torsdagar på rad har koret hatt julekonsertar - først i kommunestyresalen på Liabøen, så i Helsesenteret på Kyrksæterøra.
Noko velkjent, men mest fornyande juleprogram har skapt fine stunder for både tilhørarar og songarar.
«Sjømannsjul» og «Englesong»
Med «White Christmas» går koret Bing Crosby i næringa, så å seie. Til «Bjelleklang» nynnar alle med. Og mange smiler ved gjenhør av «Sjømannsjul på Hawaii», ønskeslageren med Book-Jensen.

Men dirigent Turid Røen Kroknes veit også å plukke fram andre perler. Ei tysk Maria-vise frå mellomalderen, ein engelsk carol «Englesongen fager tonar» og Oslo Gospelkor sin «En stjerne skinner» berikar eit juleprogram.
Ikkje alt på programmet var julestoff heller. Skulesongen «Dona nobis pacem» (Gi oss fred) er aktuell som aldri før. Og ”Edelweiss” slår aldri feil – særleg ikkje når Inge og Jon syng sitt soloparti! Grieg og Vinje kom til orde på sitt vis - i «Ved Rondane».
- De e no berre «førkjån», de!
På Liabøen deltok damegruppa Førkjån med songar av Trygve Hoff. Både «Lys imot mørketida» og «Nordnorsk julesalme» er berikande bidrag til songskatten ved årets store høgtid. Oddrun Strand, Anne Botten Stokke, Liv Glomstad og deira gode gitarist Siri Sæterbø formidla desse på vakkert vis.

Eit artig poeng vart nemnt: Det var initiativtakaren til demenskoret, Inge Gudmundsen, som i si tid «døpte» denne visegruppa. - Vi veit ikkje kva vi skal kalle oss, sa dei. - Jau, de e no berre «førkjån» de, sa Inge – og det vart namnet!
Assistentar og medhjelparar til koret fekk takk og ros pluss ei velsmakande sjokoladegåve etter konserten på Liabøen.
Reprise på Øra
Korets program på Øra var tilnærma det same som på første konserten. Her bidrog dirigent Turid med to solonummer - «Romjulsdrøm» av Prøysen og «Det står ei stjerne» av Heimklangs faste pianist Bernt Bøe.



Frammøtet til konsertane var godt - særleg på Kyrksæterøra. Og begge stader tona allsongen mektig: «Det lyser i stille grender» og «Deilig er jorden».
Betre ønske om God Jul kan ein neppe gi kvarandre!