Populær julemesse på garasjeloftet - Vi må produsere meir varer!
Første av to dagar med julemessa «Jul på Lykkjeeidet» er overstått. Det gjekk over all forventning for dei tre damene som har planlagt dette sidan mai.
Det var i
mai at Elin spurte Mette om dei skulle arrangere julemesse på garasjeloftet på
Lykkjeeidet, og Mette var ikkje vond å be. Mette fortel at det har vore bra
trøkk med folk på laurdag, så mykje at dei må skynde seg og produsere meir
varer til søndag.
Det var
god stemning og mange flotte varer å velje mellom på messa. Blant anna dokkeklede,
skinnfeller, vaskeutstyr og stikkeklede var å sjå hos utstillarane. Fleire slo
seg ned og tok eit kakestykke og ein kopp kaffe etter handelen.
Mette, Gunn Mari og Elin var svært nøgde etter første dag med messe, og gler seg til å opne igjen søndag. Julemessa er open frå 12-16. Ta turen innom for å få litt julestemning og finne nokre skattar enten til deg sjølv, eller til ei julegåve.