Møre og Romsdal bondelag:

En jerv.

– Viktig med jerveuttak i Surnadal - men utfordringane held fram i Fjord

Miljødirektoratet har fatta vedtak om ekstraordinært uttak av jerv i Surnadal kommune. – Eit viktig tiltak, men det løyser ikkje dei store problema vi har i Fjord kommune, seier rovdyransvarleg Kristin Gilje Sandnes i Møre og Romsdal Bondelag.

Vedtaket, som gjeld i perioden 2. til 11. april 2025, opnar for at Statens naturoppsyn (SNO) kan ta ut ei jervetispe med kvalpar på lokalitet i Trollheimen i Surnadal. Tiltaket skjer på grunnlag av mistanke om yngling og høgt skadepotensial for både sau og tamrein i området.

Miljødirektoratet peikar på at lisensfelling ikkje har vore tilstrekkeleg for å regulere bestanden i det aktuelle området, og at det ikkje finst andre tilfredsstillande løysingar enn ekstraordinært uttak.

– Viktig vedtak, men ikkje nok

– Det er bra at det blir teke grep i Surnadal. Dette viser at forvaltninga har verktøy dei kan bruke når det er behov. Samtidig er det viktig å understreke at dette vedtaket ikkje bøter på situasjonen i Fjord kommune, der jervetapa har vore aller størst dei siste åra, seier Kristin Gilje Sandnes i Møre og Romsdal Bondelag.

Fjord kommune har hatt svært høge tapstal til jerv gjennom fleire beitesesongar. Bondelaget har lenge etterlyst meir målretta innsats i dei mest utsette områda.

– Vi treng tiltak i fleire kommunar. Jerven må forvaltast ut frå den reelle skadesituasjonen, og det må handlast før beitedyra kjem på fjellet, seier Sandnes.

Stortingsforslag om strakstiltak

Tidlegare i april fremja fleire stortingsrepresentantar frå Senterpartiet eit forslag om ekstraordinære og effektive uttak av jerv før beitesesongen 2025. Forslaget viser til at lisensfelling aleine ikkje fungerer i alle område, og at SNO må ta ut restkvotar der lisensfellingsresultatet er for dårleg.

I 2024 låg talet på jervekull i region 6 (Midt-Noreg) langt over det fastsette bestandsmålet. Det blei påvist 20 valpekull – det dobbelte av det regionale målet på 10. Den berekna bestanden i regionen er no 94 individ, noko som gjer region 6 til rovdyrregionen med den største jervebestanden i landet.

– Når vi så lenge har ein rovdyrbestand som er atskilleg høgare enn bestandsmålet, må det få konsekvensar. Dette er ikkje berre eit tal på papiret – det betyr fleire skadar og større tap for beitebrukarane, seier Sandnes.

Ønskjer oppfølging frå Stortinget

Møre og Romsdal Bondelag stiller seg positiv til representantforslaget, og vil følgje saka tett vidare.

– Det er avgjerande at Stortinget no tar situasjonen på alvor og støttar opp om målretta uttak der det trengst mest. Tida for utsetjing og symbolpolitikk er forbi – no må vi sikre grunnlaget for beitenæringa, avsluttar Sandnes.

 

 

Powered by Labrador CMS