Summa Summarum med Jenny Klinge

Jenny Klinge, Solveig Kloppen og Ragnhild Bang Nes.

– Møtte meir omsorg enn eg trudde var mogleg

Nyleg var stortingsrepresentant Jenny Klinge gjest i Kamille sin podkast Summa Summarum. Her fortel ho om dei mørke og lyse studene i livet, og ho vil gjerne takke for all støtten og omsorgen ho møtte i heimbygda da ho mista mannen sin for 11 år sidan.

Konseptet i podcasten Summa summarum er at gjesten skal fortelja om livet sitt fram til no. I tillegg snakkar dei om framtida. Psykolog Ragnhild Bang Nes, som er ei av to faste deltakarar i podkasten, prøver å forutsjå korleis framtida blir, basert på det som har kome fram i praten.

I denne episoden var Solveig Kloppen gjesteprogramleiar.

Her fortel Jenny om arbeidet sitt som politikar og stortingsrepresentant, og om korleis ho har det i livet no. Ho fortel litt om barndommen og ungdomsåra, om gode periodar og tunge stunder, og om gleda ved å vere mor.

Livet til Jenny tok ei ny vending i 2010, da mannen hennar tok livet sitt. Ho fortel opent om sjokket og sorgen og den vanskelege tida, men og om den enorme støtten ho opplevde i lokalsamfunnet i heimbygda Surnadal.

– Eg møtte meir omsorg enn eg trudde var mogleg, seier Jenny i podcasten.

Ho fortel at dette var enormt viktig for korleis det gjekk med henne og sonen etter den tragiske hendinga. Gjennom podcasten ønsker ho at fleire i heimbygda skal få vita kor stor pris ho set på all varmen og omsorgen dei har møtt.

– Det er min måte å få takka folk på, rett og slett, sier ho, og held fram:

– Det er krevande å skulle tala om så vanskelege tema framfor kamera. Men eg innsåg då eg høyrte episoden sjølv at mange truleg har godt av å høyre at det blir tala så ope om tema som det å kjenne seg utanfor, vanskelege forhold i barndommen og om sjølvmord, med meir.

Under kan du sjå heile podkast-episoden på Youtube. Det er og mogleg å høyre den via podkastapp på mobilen. Søk i så fall på Summa Summarum.

«Summa summarum eit innhaldsrikt liv og ein innhaldsrik time.»

Powered by Labrador CMS