Ei dame og mann som sitter ved et bord og ler.
Jenny Klinge og Johan Golden i Nytt på nytt.

Jenny Klinge i Nytt på nytt: – Eg er jo kjent for å ha kjappe replikkar

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Surnadal er gjest i humorprogrammet Nytt på nytt på NRK1 fredag kveld. – Ei minneverdig oppleving, seier ho sjølv. Ho er spent på om humoren fell i smak, og åtvarar sjåarane om at somme kanskje må gøyme seg bak ei pute innimellom...

Publisert Sist oppdatert

– Det er jo stas å bli invitert, sier Jenny.

Ho var på opptak i TV-studio torsdag, og innrømmer at det var veldig skummelt og kjempeartig på same tid. 

– Eg er jo kjent for å ha kjappe replikkar, og håpar dette fungerte som det skulle under opptaket, seier ho.

Ho fortel at det var veldig god stemning i salen, og det vart mykje fliring. Johan Golden var ein perfekt makker, og det var i alle fall ei minneverdig oppleving å delta, slår ho fast.

Jenny er stortingsrepresentant for Senterpartiet, og fortel at partileiar Trygve Slagsvold Vedum kom med i all hast i forrige sending av Nytt på nytt. 

– Vanlegvis ville dei ikkje hatt to frå same parti så tett, men dei konkluderte med at eg er meir Klinge, og eit eige fenomen, enn Senterpartiet, så det gjekk bra lell, ler ho.

No er ho spent på å sjå korleis klippinga blir, sidan to tredjedelar av opptaket vanlegvis forsvinn nettopp i klippinga. 

– Så gjenstår det å sjå om humoren fell i smak blant sjåarane, seier Jenny, og legg til:

– Somme kan nok finne på å gøyme seg bak ei pute innimellom...

To damer og tre menn som poserer for fotografen.
F.v. Isalill Kolpus, Iver B. Neumann (gjest), programleiar Bård Tufte Johansen, Jenny Klinge (gjest) og Johan Golden, i "Nytt på nytt"-studio.
Powered by Labrador CMS