Pressemelding

Jenny Klinge

– Listig av Listhaug

Jenny Klinge, som er stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal, er provosert over Frp-leiar Sylvi Listhaug etter at ho skulda Senterpartiet for løgn i distriktspolitikken i VG den 13/7. Dette var i ei større sak i VG som har tittelen «Lekser opp med Vedum».

Publisert

– Dette er listig av Listhaug, sjølvsagt, Det er eit utspel for å markere seg sjølv og maskere eigen politikk, seier Klinge. Ho meiner Listhaug prøver å få det til å sjå ut som om Frp er best på å kjempe for distriktsskular og mot høge ferjeprisar, heilt utan grunn.

Klinge og Listhaug er førstekandidatar for kvart sitt parti i Møre og Romsdal før haustens stortingsval, og Senterpartiet har lenge gjort det mykje betre på meiningsmålingane enn Frp.

– Det er tydeleg at Listhaug er svært ivrig etter å gjera seg sjølv og Frp synleg igjen. I eit valår der distriktspolitikk er så viktig for folk, gjer ho det ved å skulde Senterpartiet for løgn i distriktspolitikken. Slik prøver ho å få veljarane til å tru at også Frp er opptatt av dette. Det er lurt å angripe oss for politikken vi er aller best og mest synlege på for å få merksemd sjølv for dei same sakene. Eg håpar berre veljarane avslører ho kvar gong det skjer framover. For det kjem til å skje ofte, hevdar Klinge.

Artikkelen i VG tek utgangspunkt i nedlegginga av det vidaregåande skuletilbodet i Vanylven, som Klinge meiner er eit dårleg døme dersom Frp først skal angripe Senterpartiet for noko.

– Fylkestingsgruppa til Senterpartiet la fram eit forslag som sørga for at avdelinga i Vanylven vart oppretthalden eitt år lenger enn det opprinneleg låg an til. Dette var mellom anna for å sørgje for skyss til elevar som måtte reise lenger og for å gi dei eit godt tilbod. Slik eg har forstått denne saka, utan å ha jobba med den sjølv fordi eg ikkje er fylkespolitikar, var nedlegginga uunngåeleg. Frp har valt å markere motstand mot denne nedlegginga og andre innsparingstiltak utan sjølv å ha reelle alternativ, meiner Klinge.

Klinge seier at dersom Listhaug og Frp vil vise at dei har omtanke for distriktsskulane, burde dei for lengst ha brydd seg sterkare om økonomien til kommunane og fylka. Ho viser til at Møre og Romsdal fylke mangla og manglar framleis 150 til 200 millionar kroner for å finansiere ferjedrifta i Møre og Romsdal. Ho seier at fylket ikkje ville hatt eit slikt sparebehov i andre sektorar dersom Senterpartiets budsjettforslag for ferje hadde fått fleirtal på Stortinget.

– Når det gjeld påstanden frå Listhaug om løgn frå vår side, kan vi snu det heile på hovudet. Vi kan spørre kor det vart av lovnaden Frp kom med før dei hamna i regjering i 6,5 år. Dei lovte nemleg gratis riksvegferjer. I staden presterte dei å auke ferjekostnadene og skape eit ferjeopprør langs kysten, seier Klinge.

– Frp har også underfinansiert ferjefylka så kraftig at desse har måtta spara inn på andre område, som på vidaregåande skule, for å oppretthalde ferjetilbodet. Likevel vil Listhaug prøve å få Frp til å framstå som eit parti som kjempar mot høgare ferjeprisar og skulenedleggingar. Då Listhaug besøkte Vanylven saman med VG, burde dei forresten dratt innom det lokale lensmannskontoret.

Ho viser til at lensmannskontoret i Vanylven har mista 3 av 5 tilsette sidan 2015, etter den såkalla nærpolitireforma til Frps mange justisministrar.

– Kva med lovnadene frå Frp om meir nærpoliti gjennom denne Frp-styrte reforma? Kva skal vi kalle dei? Listhaug får sjølv avgjera om ho vil kalle det løgn. Resultatet av dei mange sentraliseringsreformene til Frp er uansett trist. Dette har ramma politiet, domstolane, kommunane, Nav, skattekontora og så vidare. No trengst det ei ny regjering med Senterpartiet ved roret, fordi vi faktisk bryr oss om heile landet, og ikkje berre driv markerings- og maskeringspolitikk, seier Klinge

Powered by Labrador CMS