LESERINNLEGG:

Jenny Klinge

Melk, mælk, mjølk eller mjøk?

Sjølv seier eg mjøk, men uansett kva du kaller mjølka, er ho svært viktig for oss nordmenn. Vi har rett og slett kunne bli store og sterke i eit karrig og kaldt land fordi husdyra gir oss mjølk og kjøtt.

Mjølka fortener å bli løfta fram fordi den er så verdifull. Og vi må legge til rette for at vi har tilgang på norsk mjølk framover også.

Det er eit paradoks at nordmenn no drikk meir brus enn dei drikk mjølk. Medan brusen kan etse bort tennene og inneheld tomme kaloriar, styrkar mjølka både tennene og kroppen.

Vi har vel alle fått med oss rådet «5 om dagen» for frukt og grønt. Rådet «3 om dagen» er minst like viktig. Det er helsemyndigheitenes råd for dagleg inntak av magre mjølkeprodukt, der mjølk eller yoghurt helst skal vera to av dei tre porsjonane. Dette skal sikre oss inntak av jod og kalsium, og mjølkeprodukt inneheld også andre næringsstoff som protein og vitamin B12.

Mjølk gir oss altså viktige næringsstoff og mat vi kan overleva på. Hugs at berre 3 prosent av landet vårt er dyrkbar mark. Heile 2/3 av denne igjen er grasmark som ikkje eignar seg for til dømes kornproduksjon eller proteinhaldige plantevekster (som heller ikkje er lett å produsere i eit klima som vårt). Det er vesentleg for norsk sjølvberging at norske mjølkekyr klarer å utnytte dette graset, som vi menneske jo ikkje kan eta sjølve.

Sidan gras veks i heile landet, sikrar kyrne saman med sau og geit både matproduksjon, arbeidsplassar og opne kulturlandskap frå nord til sør. Den norske kombikua, fordi den gir oss både mjølk og kjøtt, reduserer dessutan klimautsleppa per produsert eining.

Norsk landbruk arbeider stadig med å redusere klimaavtrykket for å bli meir berekraftig på det viset. Når det gjeld berekraft i den forstand at vi som folk skal kunne overleva også når importen stoppar opp, er det umogleg utan mjølkeproduksjonen og det husdyrbaserte landbruket.

Sjølv har eg nokre sydlandske gen frå langt tilbake og må drikke laktosefri «mjøk». Heldigvis finst dette produktet for oss som treng det, men det overveldande store fleirtalet av folk med nordiske anar tåler drikkemjølka som ho er. Brusen derimot, tåler vi alle dårlegare. Når vi foreldre skal gi ungane mat og drikke, bør næringsinnhaldet telle.

Eg vil slå eit slag for mjølk og mjølkeprodukt og for desse «3 om dagen». Og ikkje minst for å styrke norsk landbruk slik at vi framleis skal ha trygg mjølk frå norske bønder i framtida. Mjølka er bra for både helsa og sjølvberginga vår.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Næringskomiteen

Powered by Labrador CMS