LESERINNLEGG:
Skal landbruket vike for sjømatnæringane?
Sjømat Norge og Norges Fiskarlag meiner landbrukets interesser no må vike for sjømatnæringa sine i forhandlingane med Storbritannia om ein handelsavtale. Eg har stor forståing for ønsket deira om endå betre vilkår for eigne næringar. Likevel vil eg understreke at vi må ha ulik tilnærming til ulike næringar alt etter kva moglegheiter og utfordringar dei har i den internasjonale konkurransen.
Alle land har både defensive og offensive interesser i forhandlingar. Det er ingen tvil om at sjømatnæringa har eit meir offensivt utgangspunkt enn den delen av matproduksjonen vår som går føre seg på land – fordi dette landet vårt er bratt, vått og kaldt i forhold til dei aller fleste andre land. Likevel treng vi å oppretthalde nasjonal matproduksjon til dagleg og matberedskap for framtidige krisetider - rett og slett for å unngå matmangel. Då kan vi ikkje fjerne toll på landbruksvarer i ein slik grad at kulturlandskapet vårt veks att og areala blir ubrukelege til matproduksjon.
Eg er for internasjonale handelsavtalar som balanserer dei ulike lands interesser så godt som mogleg og der vi skjermar næringar som treng å bli skjerma for å overleva, som landbruket. Men eg er ingen utprega frihandelsforkjempar. Eg meiner det er gode grunnar til å bruke toll- og avgiftssystemet aktivt for å sikre innanlandsk produksjon av viktige varer både på kort og ikkje minst lang sikt. Dette både for norske arbeidsplassar sin del og for å ha tilgang på viktige varer når import til tider blir vanskeleg eller umogleg.
Eg meiner det er uaktuelt å gå med på vilkår i handelsavtalen som til dømes bidreg til at vi importerer store mengdar mat frå eit land som har dårlegare dyrevelferd og langt, langt høgare antibiotikabruk enn Noreg har. Regjeringa og forhandlarane skal sjølvsagt gjera eit godt arbeid for å fremje interessene til fiskeri- og sjømatnæringa overfor Storbritannia, men dette må gjerast innanfor rammer som ikkje ofrar norsk landbruk.
Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet