Viltkveld med Rolf Langvatn
Todalen hjorteviltområde og Todalen ungdomshus inviterer onsdag 12. april til «Viltkveld» med Rolf Langvatn i Todalen ungdomshus. Langvatn har valt å kalle foredraget sitt «Et halvt århundre i norsk hjorteforskning og forvaltning – noen trekk fra utviklingen».
Langvatn arbeidde, fram til han pensjonerte seg i 2008, som seniorforskar og forskingssjef ved Norsk institutt for naturforskning (NINA), med hovudfokus på overvaking av bestandssituasjonen hos hjorteviltartar.
Langevatn sitt arbeid har resultert i unike dataseriar som gjer at Norge har ei leiande stilling i internasjonal hjorteviltforsking.
Langvatn vart i 2010 tildelt Kongens Fortjenestemedalje for si forskning gjennom mange år.
Merking av hjort tok til, mellom anna i Østbødalen, vinteren 1964. For å fange hjorten vart ein same med lasso leigd inn minnes Langvatn. I den første merkinga vart det merka seks hjortar i Østbødalen meiner Langvatn å hugse.
Da registreringa tok til hadde dei få hjelpemiddel minnes Langvatn. Det var berre papir og blyant. Den første kalkulatoren til hjelp med utrekningar og simuleringar kom først i slutten av 60-talet. Den største utviklinga i forskningsarbeidet har utan tvil vore datamaskina, som kom i andre halvdel av 80-talet fortel han.
Som vi skjønar, så er Langvatn ein mann med mykje kunnskap om overvaking av bestandssituasjonen hos hjorteviltartar, så dette blir heilt sikkert ein interessant «Viltkveld» med mange gode historier!