Feira kompetansebevis og fagbrev med festmiddag
Onsdag kveld inviterte Indre Nordmøre Opplæringskontor alle lærekandidatar og lærlingar som tok fagbrev eller kompetansebevis i 2024, til ei markering av dette med treretters festmiddag på Thon Hotell i Surnadal.
Invitert var også dei faglege leiarane, rettleiarane og dei andre støttespelarane som har delteke i opplæringa.
- Opplæringskontoret er heilt avhengig av innsatsen til desse ressurspersonane for at lærekandidatane og lærlingane skal kunne få fullført utdanningsløpet sitt fram til kompetansebevis og fagbrev, sa dagleg leiar i Indre Nordmøre Opplæringskontor da ho ønskte velkommen.
Opplæringskontoret viktig for den framtidige kompetansen i næringslivet
Indre Nordmøre Opplæringskontor dekker Rindal og Surnadal kommunar, og i tillegg Halsa i Heim kommune. Opplæringskontoret har i dag 54 medlemsbedrifter, der eit knapt tjue tal av desse akkurat no har lærekandidatar og lærlingar.
Kvart år er det mellom seksti og nitti lærekandidatar og lærlingar som opplæringskontoret har ansvaret for. Opplæringskontoret har oppstartsamtale med kvar einaste lærekandidat og lærling saman med ansvarleg i lærebedrifta kvar haust, rundt årsskiftet har dei ein halvårssamtale med dei.
På båe desse samtalane blir læreplana og forventningane diskutert. Elles er opplæringskontoret ansvarleg for alle kontraktar mellom kandidatane og lærebedrifta, så med berre ei heilstilling, så blir det meir enn nok å gjere for den daglege leiaren.
Eit vanleg løp for lærekandidatane og lærlingane er 2 år i den videregåande skulen og 2 år ute i ei lærebedrift med avsluttande prøve.
Mange tok kompetansebevis og fagbrev i 2024
I 2024 var det 33 som tok kompetansebevis eller fagbrev i regi av Indre Nordmøre Opplæringskontor. Desse er:
Kristine Mikkelsen: Helsearbeidarfaget, Rindal kommune
Idar Wærum: Produksjonsteknikkfaget, Pipelife AS
Oskar Bruseth Holte: Automasjonsmekanikarfaget, Pipelife AS
Sondre Øverland: Helsearbeidarfaget, Surnadal kommune
Kristian Glåmen: Betongfaget, Vibo AS/B&B Entreprenør
Ask Viljar Skar Bulling: Målerfaget, Sæterbø AS/Surnadal Håndverk AS
Håvard Heggset: Industrimekanikarfaget, MøreTre
Vidar Humberset: Tømrarfaget, Consto AS
Espen Bævre: Tømrarfaget, Setra Drift
Henrik Vattøy Solli: Tømrarfaget, Setra Drift
Mikkel Holte: Tømrarfaget, Rindalshytter
Ole Moe Stensønes: Tømrarfaget, HJH-Bygg
Sondre Nes: Tømrarfaget, HJH-Bygg
Hallvard Gausen: Tømrarfaget, Rindals-Tre
Jørgen Moen: Tømrarfaget, Merbygg AS
Yannick van Buggenum, Sveisefaget, Sollid Mek. Verksted
Elias Ræstad, Industrimekanikarfaget, Sollid Mek. verksted
Andreas Vaag Bolme: Industrimekanikarfaget, Sveen Mek. AS
Magnus Bakken: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Surnadal kommune
Tommy Grøtan: Helsearbeidarfaget, Surnadal kommune
Arild Fostervoll: Tømrarfaget, Consto AS
Michael Ranes: Produksjonsteknikkfaget, KIAS
Andreas Sollien-Klo: Tømrarfaget, B&B Entreprenør
Kristian Kjøren: Anleggsmaskinførarfaget, Røen Maskin
Karoline Brøndbo: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Surnadal kommune
Adrian Runarsson: Produksjonsteknikkarfaget, Trollheim AS
John Inge Bævre Sollid: Produksjonsteknikkarfaget, Trollheim AS
Elise Røv: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Surnadal kommune
Elilta Ghebremichael Habte: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
Torgeir Bøklepp: Byggdriftarfaget, Alti Surnadal/Rema 1000
Sivert Magne Honnstad: Industrimekanikarfaget, Pipelife AS
Helge Madaus: Anleggsmaskinmek.-faget, Truck og Maskin AS
Lars Richard Larsson: Rørleggerfaget, Rørservice AS
Ordførarane gratulerte med kompetansebevis og fagbrev
Både ordførar Hugo Pedersen i Surnadal og ordførar i Rindal, Mildrid Kattem Aune gratulerte dei nyeksaminerte med kompetansebevis og fagbrev. Båe ordførarane understreka at ungdommane er attraktive fagfolk både for privat og offentlege sektor. Ordførarane meinte også at ungdommane var dei beste ambassadørane for å få andre ungdommar til å velge yrkesfag.
Breitt og kompetent næringsliv ein suksessfaktor
Marit Drøpping understreka at Surnadal, Rindal og Halsa har eit breitt og kompetent næringsliv som satsar på lærekandidatar og lærlingar, samtidig som dei har kompetente faglege leiarar og rettleiarar.
Dette blir også dokumentert gjennom at det er få av kandidatane som stryk, og at mange av dei oppnår særs gode resultat på dei avsluttande prøvane.
- Dette viser at både næringslivet og offentleg sektor forstår at kompetanse er viktig innafor yrkesfaga også, og at dei er villige til å bruke ressursar for å oppnå denne kompetansen, avsluttar Marit.