Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune:
– No trengst det fleire lærebedrifter i fylket!
– No treng vi fleire lærebedrifter her i fylket, seier Maiken Røshol hos Opplæring i bedrift i fylkeskommunen.
Det er til ei kvar tid om lag 2.600 lærlingar i Møre og Romsdal, og mange gode lærebedrifter som løftar kandidatane fram til fagbrev eller kompetansebevis. Men fleire trengst for å utdanne nok fagarbeidarar.
– Det offentlege og privat næringsliv samarbeider tett til det beste for lærlingane. Det offentlege gir økonomisk støtte til lærebedrifter, og dei har rådgivarar som hjelper med faglege spørsmål. I tillegg finst det opplæringskontor som også er viktige støttespelarar for å hjelpe ungdom og andre opp og fram i arbeidslivet, påpeikar Maiken Røshol.