Ledar for Rindal IL Ski, Pål Sande, med nyskia mellom Magne Bjørnstad, Rindal Sparebank (t.v.), og Jon Tronvoll, Retura, som representantar for sponsorane.

Utlånsski i Rindal

Rindal IL Ski er opptatt av at dei unge i Rindal skal få glede seg på ski. Derfor har laget gått til innkjøp av skiutstyr for utlån til barn i alderen ca. 6-10 år.

Publisert Sist oppdatert
Even Høston Fosseide blir gjort klar til leik og trening på dei nye utlånsskia.
Klar, - som lampa bak!

Rindal IL Ski ser på dette som ein del av rekrutteringsarbeidet. Denne tirsdagen var utstyret på plass til skitreninga på Igltjønna Skistadion.

Ledar for Rindal IL Ski, Pål Sande, takka alle støttespelarane for at dei ville vere med og gjere denne satsinga mogleg. Innkjøpet av ski og stavar for skøyting, var finansiert ved sponsing fra Pipelife, Retura og Surnadal Transport, i tillegg til Svorka som er hovudsponsor til skigruppa og Rindal Sparebank som er lagets hovudsponsor. Skia vart levert av Sport1 Rindal, der laget har utstyrsavtale.

Sponsorane viser seg på dei nye skia!

Rindal IL Ski ønsker at utstyr ikkje skal vere noko hinder for å delta i skiaktivitetane. Derfor har dei, i tillegg til denne låneordninga, eit fokus på salg av brukt utstyr. For ei tid sidan oppretta dei ei intern Facebookside. Her kan ein leggje ut ski og utstyr ein vil selge, eller finne brukt skiutstyr. Denne mulegheita håper vi at fleire vil nytta seg av.

Rindal IL Ski har mange tilbud til ulike alderssteg. Frå og med 1.klasse har laget skitrening med organisert leik og øvingar kvar tirsdag. Torsdagar er det skileik og poengrenn for barn i alle aldrer, vekselvis på Skogsletta og på Igltjønna Skistadion.

Dei fleste barna har smørefrie ski, og det fungerer heilt utmerka til dei grunnleggande skiferdigheitene. Til skøyting glir dei ikkje så bra, og til klassisk teknikk vil smøreski vere betre. Derfor ønsker idrettslaget no å tilby skøyteski til utlån, også heimlån. Da får dei unge prøve utstyret før dei eventuelt kjøper sjølv. Vi erfarer at dei unge tykkjer at skøyting er stas, og at dei gjerne vel å skøyte når dei først har fått dreisen på det. Om ein skal investere i ski til både skøyting og klassisk, vil vi anbefale universalski. Vi hjelper til med smøring.

Denne tirsdagskvelden fekk fleire av dei nye skipara unge føter på seg, og stemninga var riktig god der Lars Olav Kirkholt leda oppvarming og utprøving slik du ser på bilda nedafor.

Powered by Labrador CMS