Monica framfor utstillinga si. Benkar frå vevstol fremst til venstreFoto: Ole Trygve Foseide
Folksomt på Trollheimsmessa
Det strømma folk til Rindalshuset denne lørdagen for å sjå kva dei over 50 utstillarane hadde å by på under Trollheimsmessa som Opplev Rindal arrangerte.
Salen i Rindalshuset var full av folk som gjekk rundt og studerte resultata til mange kreative utstillarar. Mange julegaver var sikkert innkjøpt. Andre sikra seg ny pynt, gjerne julepynt, og like gjerne redesigna saker av fantasifullt opphav, for det var det fleire av.
Kaféen 3venner hadde flytta salget sitt til Rindalshuset, og kaffeborda var fullsette store deler av tida av folk som kvilte beina og styrka kroppen med kaffemat og prat.
Monicas Kreative Sprell frå Vinjeøra hadde brukt mange timar på ei svært kreativ utstilling. Den bar sterkt preg av jul, og gjenbruk var i sentrum både i sjølve veggene og i gjenstandane, men lysande ledlys viste at Monica følgde med tida.
På bilda vil du kanskje sjå svært mange produkt laga av ulike deler av gamle vevstolar. Stikk du innom på søndag, så kan du jakte på vevstoldeler hos Monicas stand. Kanskje du får hjelp til namn på dei ulike delene av ein vevstol også. Mange vevstolar er stua vekk i gamle hus og låvar, ja, til og med brent! Monica meinte det var betre å gje dei nytt liv i anna form. Døm sjølv!
Arrangøren Opplev Rindal arrangerer utlodninga der utstillarar har gjeve gevinstane. Trekning søndag klokka 16.00.