To personer som står på en scene, og en som sitter på en stol og spiller fiolin.
Rune og Jorunn Hanem viste fram Todalspols, medan Torgeir Leivdal spela til.

Hundreårs­markering for Alf Ramsøy

Laurdag markerte Skulstuå i Todalen at det i år er 100 år sia kulturformidlaren Alf Ramsøy (30.9.1924 – 26.5.2014) vart fødd.

Publisert Sist oppdatert

Markeringa starta med ein rundtur til fots eller på sykkel, der ein passerte Ramsøya, garden der Alf vart fødd og vaks opp. Det var to alternative ruter, ei på rundt ein kilometer og ei på rundt fem kilometer.

En gård ved et fjell.
Ramsøya, garden der Alf vart fødd og voks opp. Han dreiv også garden i nokre år.

For dei yngste var det hoppeslott, leik i ballbingen og teiknekrok inne i Skulstuå.

Det var sal av heimelaga laupskaus, dravle, kaffe, kakao med krem, yoghurt og kaker under heile jubileumsfeiringa.

På ettermiddagen vart alle invitert inn i gymsalen på Todalen skule. Her Innleia Torgeir Leivdal med å spele ein Halling etter spelemannen Hallvard Ørsal (1876 – 1943).

Ei dame som står og snakker til en forsamling.
Kulturleiar i Sunadal kommune, Lilly Husby, ønskte velkommen.

Kulturleiar i Surnadal kommune overtok stafettpinnen og ønskte alle velkomne.

Ragna Kvendset som er leiar i Skulstuå i Todalen, fortalte litt om kva Alf har hatt å seie for Skulstuå og inspirasjonen han har stått for.

Rune og Jorunn Hanem frå Meisingset viste fram Todalspols. Vi fekk sjå dei danse polsdansen Haukåas polsdans, også den komponert av Hallvard Ørsal.

En mann som står og snakker til en forsamling.
Svein Sæter hadde eit innhaldsrikt og engasjerande kåseri om Alf Ramsøy.

Siste post på programmet var Svein Sæter sitt kåseri om idretts- og kulturmannen Alf Ramsøy. I eit innhaldsrikt og engasjerande kåseri fekk vi mellom anna høyre at Alf var ein god idrettsutøvar, både sommar og vinter. Han gjekk si første femmil i Holmenkollen i 1953. Han debuterte same år i teaterstykket Læraren av Arne Garborg (1851 – 1924),

Alf har vore med på fleire Holmenkollstafettar og sprunge landskamp for Norge på Bislett stadion. Han hadde ein periode alle kretsrekordane på alle løpsdistansar frå 800 – 10000 meter.

I siste delen av sitt liv var Alf godt kjent for sine tolkning av Hans Hyldbakk, Leif Halse og Hans Kristiansen sine dikt

Powered by Labrador CMS