Vedheng til Jonsvaka:
Salmetonar og stol-status
Jonsvaka i Åsskard 21. juni samla full kyrkje og fekk fin omtale. Men eit par ting vart ikkje med …
Tittelen «Noko frå Stor-Stangvikgjeldet» lova sjølsagt ikkje eit kåseri om «alt» frå gamle Nordmøre. Men eg vil føye til litt som datt ut fordi tida vart for knapp.
Lokale folketonar
Nordmøre er ei folkemusikalsk gullgruve. Salmeboka vår har 7 tonar herifrå: «Julverset» (nr. 30) og «Tal vennlig» (247) – begge nedskrivne i Stangvik, «Som den gylne sol frembryter» (190b) frå Halsa, «Blant englers kor» (269) frå Osmarka, «Du er mi øy i havet» (334) frå Rindalen, «Hos Gud er evig glede» (468) og «Gud, la oss i din kunnskap fremmes» - dei to siste frå ukjend stad på Nordmøre.
Bræin skreiv ned
Dei fem første er nedskrivne av organist, operadirigent og folketonesamlar Edvard Bræin sist på 1920-talet. Han noterte særleg mange variantar av «Et lite barn så lystelig» (Julverset) og gav ut den forma vi finn på nr. 30 i salmeboka.
Etter Johan Aasgaard på Kvanne (heimen Breidablikk) noterte han «O tænk dig hin Skjærtorsdagsnat», som han publiserte med annan tekst (Ak, mon min vei til Kanaan). Til diktet «Tal vennlig til Jerusalem» av Eivind Skeie (1978, 2006) finn vi no tonen hans Johan på salmenummer 247.
Johanne Taknes frå Halsa hadde lært «Som den gylne sol» av bestefaren Jakob Taknes. Bræin møtte henne på Tingvoll, der ho arbeidde, og skreiv ned den flotte tonen, som Skruk og Vårsøg gjenlanserte på plate i 1978.
Sverre Hatle sin tekst på 334
Under Stor-Stangvikgjeldet låg både Rindal (til 1704) og Halsa (til 1877). Rindalen er representert i salmeboka med ein folketone som var sungen til «Se, solens skjønne lys og prakt». Til denne har Sverre Hatle skrive den keltisk-inspirerte teksten «Du er mi øy i havet, Gud». Den er trykt i salmeboka som nummer 334.
Det var ein glipp (av meg) at denne ikkje vart nemnt i kåseriet «Noko frå Stor-Stangvikgjeldet» - særleg fordi forfattaren sjøl sat i kyrkjebenken den kvelden!
Rettssak om kyrkjebenken
Eit anna poeng datt også ut. I dei gamle kyrkjene hadde familiane faste stolplassar - etter status: Storgardar og rikfolk fremst, småkårsfolk bak og husmenn gjerne på galleriet («husmannslemmen»). I Halsa kyrkje var det endatil hengelås for stoldørene!
Slik status betydde mykje. Det ser vi av ei historie frå Stangvik (1797): Da ein familie frå Nordvik sette seg på den ledige benken til Austigardsfolket (som ikkje var i kyrkja den dagen), gjekk eigaren til rettssak mot nordvikgardingane, «som havde bemægtiget sig hans og hans Families Kirkestoel i Stangvigs Kirke»!
Museet i Bøfjorden har ei stoldør frå denne kyrkja. Den var utstilt i Åsskard-kyrkja under Jonsvaka, dessverre utan kommentar. Difor får du her og no heile historia og foto av ei tilsvarande dør (denne med småbrukarnummeret 13) frå den tids Stangvik kyrkje.
Meir slikt er å lesa i bøkene om dei lokale kyrkjene våre.