ANNONSE:

Krangnessetra Nordmarka.

Temakveld på Åsen bygdemuseum: Hus på setrene

Stangvik Historielag og Nordmørsmusea ønskjer  velkomen til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober kl. 18:00.

Denne kvelden er det seterhistorie som står på programmet. Setring har lange tradisjonar i vårt område, og har vore av stor betydning for livsgrunnlaget vårt oppgjennom tida.

Stangvik Historielag står for programmet, og vil gi oss eit innblikk i husa på setrene; Korleis var husa plassert, korleis vart dei bygd og korleis vart dei innreidd?

Dette får vi vite meir om gjennom eit innlegg med foto og forteljing. 

Etterpå inviterer vi til kaffe og noko å bite i og ein triveleg prat.

Det blir også høve til å besøkje museumsutstillingane for den som ønskjer det.

Arr: Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal

PS! 

Sjå Facebook-arrangementet vårt, og trykk gjerne "skal" eller "interessert"

https://www.facebook.com/events/982591236187344

Powered by Labrador CMS