Minnemarkering av Alf Ramsøy 100 år
Open kulturdag i Skulstuå i Todalen
Den framifrå kulturformidlaren Alf Ramsøy blir laurdag 14. september hylla med eit allsidig program i Skulstuå og Todalen skule i Todalen. Alf var fødd 30. september 1924 og døyde 26. mai 2014, nesten 90 år gamal.
Alf var eit multitalent. Han var skodespelar på Det Norske Teater i mange år, samt var med i filmane «Ni liv» og «Dei svarte hestane». Han var og ein dyktig idrettsmann og hevda seg svært godt både innan løping, terrengløp og langrenn på nasjonalt nivå. Som kulturformidlar var han ein god tolkar av tekstene til mellom andre Leif Halse, Hans Hyldbakk og Hans Kristiansen. Han vart i 2004 heidra med Kleivaprisen.
Alf var og med å stifta Skulstuå i Todalen i 2011, som er eit lite kulturhus med ulike kulturelle aktivitetar og som har tilhald i ein av dei første fastskulane i kommunen. Dette er og barndomsheimen til Leif Halse, forfattaren av mellom anna «Vangsgutane».
Program for dagen:
· Rundtur rundt Ramsøya, med opplevingar og servering under vegs, til fots eller med sykkel. Turen går frå Skulstuå og rundt om hengebrua og nedatt om Nessaøra. Turen er på om lag 5km. Alternativ er ein kortare tur, frå Brusetnesset til Nessaøra, på om lag 1km.
· Film som syner utdrag frå 80-årsdagen til Alf, laga av Svein Åge Saksen.
· «Vårsøg i ord, nonar og bilde» der Alf les dikt av Hans Hyldbakk, laga av fire hobbyfotografar frå Surnadal.
· Todalen bøgdalag leiger ut 5 el-syklar.
· Leik og aktivitetar for dei yngste, med blant anna hoppeslott, ballbinge og teiknekrok.
Sal heile dagen av heimlaga lapskaus og furkunnjmat dravle, kaffi og kakao med krem, yoghurt frå Todalen meieri og gode kaker.
Arrangement i gymsalen i Todalen skule
· Tale ved Lilli Husby, einingsleiar Kultur, Surnadal kommune
· Dansing av Todalspols til tonar av spelemann Torgeir Leivdal
· Foredrag av forfattar Svein Sæter om Alf
Skulstuå i Todalen ynskjer alle hjarteleg velkomne!