Annonse
Ønsker innspel om kulturminne knytt til romanifolket/taterane
Riksantikvaren og fylkeskommunane startar no eit arbeid for å få meir kunnskap om romanifolket/taterane si kulturarv i Noreg. Ta kontakt dersom du har informasjon, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
– Vi ønsker ei brei involvering, og vi håper det er mange som kan og vil bidra. Særleg viktig er romanifolket/taterane sine eigne stemmer, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskommunane har fått eit ansvar for å samle informasjon om kulturminne knytt til romanifolket/taterane i sine fylke.
Viktig historie om romanifolket/taterane skal takast vare på
Eksempel på aktuelle kulturminne:
- Kulturminne knytt til reise, som liggesletter og buplassar, men også overnattingsstadar på skysstasjonar og på gardar, samt vinterbustadar.
- Kulturminne knytt til næringsverksemd som t.d. knytt til hest, fartøy, blikk- og koppararbeid og handel.
- Eksempel kan vere bustadar, smier, marknadsplassar. Kulturminne knytt til tru- og religionsutøving. Mange av romanifolket/taterane har tilknyting til lav- og frikyrkjelege organisasjonar i det 20. hundreåret.
- Kulturminne knytt til forfølging og tvangsassimilering, t.d. knytt til Norsk misjon for hjemløses arbeid, minnesmerke osb.
Les meir på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.